Siste nytt

  • Kvalik for Ryerson

    Julian Ryerson og hans «julesongklubb» Union Berlin må ut i kvalifisering for opprykk til Bundesliga. Union spela 2-2 mot Bochum, og hamna bak Paderborn på målskilnad. Paderborn rykkjer opp saman med Köln.

    Unions motstandar i kvaliken blir Stuttgart.

    Julian Ryerson
    Foto: Geir Olsen / NTB scanpix
  • Sterk bortesiger for Ranheim

    Ranheim tok ein sterk bortesiger med 3-1 i Sarpsborg. Gjestene scora like før pause, og dobla like etter. Sarpsborg reduserte, men måtte sjå Ranheim score sitt tredje eit kvarter før slutt.

    Sarpsborg har tapt fire på rad og er no på kvalikplass. Ranheim er nummer ni.

     Sarpsborg 08 - Ranheim
    Foto: Christoffer Andersen / NTB scanpix
  • Strømsgodset vann botnoppgjeret

    Med 3-1 over Tromsø tok Godset eit godt steg ut av botnstriden. Tromsø scora først, men leiinga heldt berre i to minutt.

    Godset tok leiinga like etter pause, og sette inn det tredje fem minutt på overtid. Godset rykka opp til 10.-plass, medan Tromsø er heilt sist.

    Strømsgodset - Tromsø
    Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal