Jekaterina Jourijeva, Albina Akatova og Dimitri Jarotsjenko er utøvarane som skal ha blitt tekne i doping. Spesielt er Lunde skuffa over at verdscupleiar Jourijeva har juksa.
Les:
- Ho har alltid vore ei positiv, flott jente. At ho driv med doping sjokkerar meg. Jourijeva har hatt stor framgang i år, med to sigrar i verdscupen. Dette seier mykje om korleis russisk idrett er organisert.
Vanskelig geografi
Lunde peikar på at dei einskilde utøvarane trenar i ulike regionar i det enorme landet. Difor er det særs vanskelig for det russiske skiskyttarforbundet å følge med kva utøvarane puttar i seg. I tillegg nyttar mange utøvarar personlege legar. Lunde meinar han har resepten for å renske vekk juksemakarane.
- Det internasjonale skiskyttarforbundet må følge utøvarane endå tettare. Utøvarar som blir avslørt, bør bli utestengde på livstid, i staden for dagens regelverk på 2 år. Det trur eg er det einaste som nyttar.
Ola Lunde var særs overraska over forma til Albina Akatova under skiskytar-VM i Östersund i 2008.
- Ho kvalifiserte seg gjennom det russiske uttaket like før VM-start. Ho imponerte med særs sterke langrennstider under meisterskapen, men skuffa i løypa både før og etter VM. For meg var det eit kjempesjokk at ho skulle gå så fort under VM, avsluttar Lunde.