- Sebulonsen til Brøndby
Viking sel Sebastian Sebulonsen til Brøndby, melder Stavanger Aftenblad. U21-spelaren skal ha spelt sin siste kamp for siddisane.
– Vi har akseptert eit bod på Sebastian. Men ingenting er signert, seier sportsdirektør Erik Nevland til Aftenbladet.
Lokalavisa skriv at Viking får ein stad mellom 10 og 15 millionar kroner for 22-åringen og at avtalen skal ha ei totalramme på 20 millionar kroner.
Sebulonsen kom til Viking før 2020-sesongen og har fått med seg 67 kampar for klubben. Han har også fått 18 U21-landskampar for Noreg.
I januar selde Viking Joe Bell også til nettopp Brøndby for 15–20 millionar kroner.