Hopp til innhold

- Sæter takkar nei til RBK-forlenging

Rosenborgs nye storskårar denne sesongen, Ole Sæter, har avslått forslaget om ei kontraktsforlenging.

Det melder TV 2 og Nidaros.

Ifølgje TV 2 skal Sæter ha fått eit tilbod om strekkjer seg ut 2025, men etter eit par veker med forhandlingar har spissen avslått tilbodet til trønderane.

Dermed blir Sæter ståande med kontrakten som bind han til Rosenborg ut neste sesong.

Det første tilbodet kom i starten av september. Sidan har partane forhandla, og RBK skal ha forbetra tilbodet sitt i prosessen, skriv Nidaros.

Sæter har notert seg for 14 skåringar på 16 kampar for Rosenborg i Eliteserien og cupen denne sesongen.

Ole Sæter, Rosenborg. Kamp mot Lillestrøm
Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Siste nytt

  • Dette er rekordane Haaland jagar

    Ingen spelarar har komme betre i gang i Englands toppdivisjon dei siste 30 åra enn Erling Braut Haaland. Manchester City-spissen står med 11 mål på dei sju første kampane.

    Dette er noko av det han kan oppnå (Kjelde: BBC):

    * Flest mål i ein Premier League-sesong. Andy Cole noterte 34 skåringar i 1993/94, medan Alan Shearer greidde det same sesongen etter. Begge gjorde det over 42 kampar.

    * Flest mål i ein sesong i dei fem største ligaene. Lionel Messi skåra 50 gonger i 2011/12. Men Dixie Deans 60 ligamål i 1927/28 er tidenes rekord.

    * Ingen toppskårarar i PL har hatt eit snitt på eitt mål per kamp. Harry Kane var nærast med 29 mål på 30 kampar i 2016/17.

    * Talet på ligakampar på rad med skåring. Jamie Vardys rekord (11) vart sett på Leicesters veg mot sensasjonstittelen i 2015/16. Haalands rekkje er for tida på fem kampar.

    * Talet på hat trick i ein sesong. Shearer knalla til med fem av dei i 1995/96. Haaland står med to til no.

    Erling Braut Haaland
    Foto: Reuters
  • Solberg på sjuande i New Zealand

    Oliver Solberg (21) følgjer i pappa Petters fotspor og ligg på 7.-plass etter de første sju fartsprøvene i Rally New Zealand.

    Solberg har 1.28,3 minutt opp til leiande Ott Tänak frå Estland.

    Det står att seks fartsprøver laurdag og fire fartsprøver søndag før det heile er over.

    – Det er tøft og vanskeleg der ute, men vi byggjer fartskjensle og håpar å halde fram med det laurdag, skriv Solberg på Twitter etter å ha vore femte raskast på fredagens femte fartsprøve.

    Det er i år 18 år sidan Petter Solberg tok sin sjette av i alt 13 VM-rundesigrar i rally nettopp i New Zealand.

    Oliver Solberg fylte 21 år sist veke og køyrer VM-runde i New Zealand for første gang.

    I den førre VM-runden i Belgia enda Oliver Solberg på 4.-plass.

    Rally New Zealand er årets siste VM-runde.

    Oliver Solberg
    Foto: JOHN COWPLAND / AFP
  • Zucca i form før NHL-starten

    Mats Zuccarello (35) har ikkje gløymt gamle kunstar og scora 2-1-målet då Minnesota Wild slo Dallas Stars 5–2 i ein treningskamp i NHL.Det var spelt 15.57 minutt av 1. periode då Zucca scora i overtalsspel fem mot fire. Nordmannen sette inn pucken via ein motspelar.

    Dei andre måla til Minnesota Wild blei sett inn av Marco Rossi (1-0), Jonas Brodin (3-1), Jared Spurgeon (4–1) og Sam Steel (5-2).

    Mats Zuccarello var innom Dallas Stars ein kort periode i 2019 før han blei Minnesota Wild-spelar seinare same år.

    Minnesota startar NHL-sesongen mot Zuccarellos gamle klubb New York Rangers 13. oktober.

    Mats Zuccarello
    Foto: Tony Gutierrez / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Spilleliste med 64 klipp
Sport
Spiller nå
Kjønn og religion er ingen hindring 00:45
Neste