Siste nytt

  • Brækhus vil opp ei vektklasse

    Bokseveteranen Cecilia Brækhus (40) vil halde fram karrieren. Ho går opp ei vektklasse og håpar å vere tilbake i ringen snart.

    Det avslører Brækhus i ei pressemelding frå sponsoren. Også VG har omtalt saka.

    Den mangeårige boksedronninga blei detronisert då ho tapte to strake kampar mot Jessica McCaskill, seinast i mars i fjor. Før møta med amerikanaren hadde Brækhus vunne alle sine 36 proffkampar.

    Brækhus fortel til VG at ho forlengjer karrieren minst ut 2022. Ho skal bokse i super weltervekt, éi vektklasse opp frå den ho herja i i mange år.

    – Det er på ingen måte ei forhasta avgjerd. Eg har konkludert med at det er det beste for min vidare karriere. Det er blitt vanskelegare og vanskelegare å nå vektgrensa. Utanom kamp har eg ei vekt på omtrent 75 kilo, seier Brækhus.

    Vektgrensa i weltervekt er 66,7 kilo.

    Cecilia Brækhus under kampen mot russiske Inna Sagajdakovskaja
    Foto: Berit Roald / NTB scanpix
  • Utøvarane testa på nytt i dag

    Landslagslege på plass i Seiser Alm, Ove Feragen, skriv i ein SMS til NRK torsdag morgon at alle utøvarar er PCR-testa på morgonkvisten.

    Utøvarane på dame- og herresida trenar elles som planlagt gjennom morgontimane, fortel han.

    Han legg avslutningsvis til at dei ventar svar innan 24 timar.

    Johannes Høsflot Klæbo
    Foto: Terje Pedersen / NTB
  • Forfang og Tande blir heime

    Daniel-André Tande og Johann Forfang er ikkje tatt ut til verdscuprenna i Tyskland i helga. Begge har framleis for høge koronaverdiar.

    Noregs Skiforbund skriv i ei pressemelding at Forfang og Tande blir heime for å «vere under Olympiatoppens testregime».

    – Forfang og Tande er i prosessen for å teste seg ut av covid-19. Verdiane som trengst for å komme seg til OL er ikkje helt oppnådd, men det er stor sannsyn for at de kjem seg til Kina i tide. Derfor vel dei å køyre testregime her i Noreg i regi av Olympiatoppen, seier landslagstrenar Alexander Stöckl.

    Første hoppkonkurranse for menn er søndag 6. februar.

    Tande og Forfang
    Foto: Geir Olsen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal