– Dei er gjennomtrena frå stortåa og opp, seier Johansen om brørne Ken Andre og Mathis Olimb, som i to kampar på rad har scora kvart sitt mål.
– Dei trenar svært godt og er blant dei mest seriøse utøvarane vi har i Norge. Det er ingen som tek idretten sin så seriøst og jobbar så hardt. Og det har dei gjort i veldig mange år.
Norge har hatt stigning i VM. Etter 0-3 for Danmark i opningskampen, vart det 4-3 etter forlenging mot Sveits og 4-2 over Kasakhstan. Det betyr fem poeng og ei bra luke ned til sisteplass og nedrykk i den jamne gruppa.
Topplag på rekke og rad
Men det er framleis fire grunnspelkampar att, og der møter Norge tradisjonelle topplag på rekke og rad: Tsjekkia i dag, Sverige laurdag og heimelaget Russland måndag. Latvia er siste motstandar 17. mai.
Der blir rekka med Olimb-brørne og Mats Rosseli Olsen uhyggeleg viktig.
– Dei har ein fysisk form som er uvanleg i lagidrett, seier Roy Johansen til NRK.
– Kva meiner du med det?
– Dei orkar å spele i eit høgt tempo mange dagar etter kvarandre, kamp etter kamp, bytte etter bytte. Og dei har ein god kjemi saman og finn kvarandre godt, seier landslagssjefen.
Frå hausten skal dei også spele i same klubb, svenske Linköping.
– Trener på seg sjølvtillit
Han rosar Kim Andre og Mathis også for måten å takle motgang.
– Uansett om dei har hatt ein litt trøblete sesong, som Mathis har hatt no, så har dei klart å byggje seg opp og trene på seg sjølvtillit. Så går dei inn i meisterskapet her slik dei har gjort no, seier Johansen.
Tsjekkia leier Norges gruppe før dagens kampar. Dei opna med 3-0 over heimelaget Russland, måtte bruke tilleggstid for å slå Latvia 3-2, og snudde 0-2 til 4-2 mot Sverige.
Berre tre mann på Tsjekkias lag i år kjem frå NHL. Dei fleste kjem frå den Russland-baserte ligaen KHL.
Norge har slått Tsjekkia berre in gong – 3-2 i VM i 2010. Det er blitt ni tap.