Hopp til innhold

- Ødegaard kan vere Slovenia-klar

Martin Ødegaard kan vere aktuell for Noregs fotballandskamp borte mot Slovenia laurdag. Han har slite med ein leggskade den siste tida.

Landslagssjef Ståle Solbakken informerte om statusen for Ødegaard i forkant av treninga på Ullevaal torsdag. 23-åringen slutta seg til troppen snautt tre døgn etter at samlinga starta måndag.

– Han er her av ein grunn. Og han er med frå start av treninga i dag som dei andre. Så får vi sjå. Skanninga av beinet var fin, og han har også vore gjennom ein fin test, sa Solbakken.

Han kunne ikkje seie noko meir konkret om Ødegaard og eventuell kamptid for han i dagane som kjem.

– Det er sjølvsagt viktig for oss at Martin er her. Vi har ingen som berre kan gå inn og erstatte Martin i laget mitt, sa Solbakken.

Landslagskapteinen pådrog seg ein skade under trening med klubblaget Arsenal for snart to veker sidan. Den gjorde at han stod over seriekampen mot Brentford sist helg.

Martin Ødegaard
Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Siste nytt

  • Solberg på sjuande i New Zealand

    Oliver Solberg (21) følgjer i pappa Petters fotspor og ligg på 7.-plass etter de første sju fartsprøvene i Rally New Zealand.

    Solberg har 1.28,3 minutt opp til leiande Ott Tänak frå Estland.

    Det står att seks fartsprøver laurdag og fire fartsprøver søndag før det heile er over.

    – Det er tøft og vanskeleg der ute, men vi byggjer fartskjensle og håpar å halde fram med det laurdag, skriv Solberg på Twitter etter å ha vore femte raskast på fredagens femte fartsprøve.

    Det er i år 18 år sidan Petter Solberg tok sin sjette av i alt 13 VM-rundesigrar i rally nettopp i New Zealand.

    Oliver Solberg fylte 21 år sist veke og køyrer VM-runde i New Zealand for første gang.

    I den førre VM-runden i Belgia enda Oliver Solberg på 4.-plass.

    Rally New Zealand er årets siste VM-runde.

    Oliver Solberg
    Foto: JOHN COWPLAND / AFP
  • Zucca i form før NHL-starten

    Mats Zuccarello (35) har ikkje gløymt gamle kunstar og scora 2-1-målet då Minnesota Wild slo Dallas Stars 5–2 i ein treningskamp i NHL.Det var spelt 15.57 minutt av 1. periode då Zucca scora i overtalsspel fem mot fire. Nordmannen sette inn pucken via ein motspelar.

    Dei andre måla til Minnesota Wild blei sett inn av Marco Rossi (1-0), Jonas Brodin (3-1), Jared Spurgeon (4–1) og Sam Steel (5-2).

    Mats Zuccarello var innom Dallas Stars ein kort periode i 2019 før han blei Minnesota Wild-spelar seinare same år.

    Minnesota startar NHL-sesongen mot Zuccarellos gamle klubb New York Rangers 13. oktober.

    Mats Zuccarello
    Foto: Tony Gutierrez / AP
  • VG: Fide etterforsker Carlsen og Niemann

    Det internasjonale sjakkforbundet (Fide) har startet en etterforskning av både Magnus Carlsen og Hans Niemann, skriver VG. Nordmannen har beskyldt amerikaneren for å jukse ved flere anledninger.

    Fides kommisjon for fair play bekrefter dette overfor t-online, melder avisen. Der sier Fide at de vil sjekke om det er nok fakta til å rettferdiggjøre en anklage om juks, og hvis de konkluderer med det så vil de finne en passelig straff gjennom Fides etiske og disiplinære komité. De ønsker også å undersøke om det har kommet falske anklager.

    Det var tidligere denne uken at Carlsen publiserte et innlegg.

    Niemann og Carlsen
    Foto: NRK/AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Spilleliste med 64 klipp
Sport
Spiller nå
Kjønn og religion er ingen hindring 00:45
Neste