- Ny OL-prosess sparer 80 prosent
Kristin Kloster Aasen, som leier IOC-komiteen som har vurdert kandidatane til OL 2032, meier den nye utveljingsprosessen har spart søkjarane store summar.
På kongressen i Japan sa ho at Australia har spart 80 prosent av kostnadene, samanlikna med den gamle ordninga der søkjarane konkurrerte om IOCs gunst heilt til den endelege avrøystinga.
Denne gongen har IOC-komiteen sjølv vurdert interesserte søkjarar på eit tidleg tidspunkt, og deretter kome med si tilråding. For 2032 er det Brisbane i Australia, og det er venta at det også blir resultatet som IOC-president Thomas Bach skal presentere klokka 12.00 i dag.
– I tillegg har vi no ein "pool" av andre interessentar som har sagt seg interessert i leikane i 2036, 2040 og endå seinare, sa Aasen.