– Desse spelarane skal vera med å ta masse poeng for oss neste år. Det skal ikkje Bård.
Det seier trenar Rune Skarsfjord til NRK etter tapet heime mot Haugesund fredag kveld. Bård Finne kom inn for Erik Huseklepp i det 68. minutt. Etter at 18-åringen sa ja til Køln i august, har det vorte svært lite speletid for stortalentet.
- LES OGSÅ:
– No har han berre to månadar att her, då blir det litt slike vurderingar. Vi gjer vurderingar på sportslege grunnar først og fremst, men til ein viss grad ser vi også på kven som skal vere med vidare. Det er heilt naturleg, held Brann-trenar Rune Skarsfjord til NRK.
Involvert i 37 minutt
Det har ikkje vore ein enkel haust for Bård Finne, som i august før den 20. serierunden kunngjorde at han hadde signert ein 3,5 årskontrakt med den tyske klubben Køln. Finne reiser først etter sesongslutt, men spissen har vore svært lite involvert på fotballbana sidan då.
Dagen før overgangen til Køln vart kjent sat han heile kampen mot Viking (20. serierunde) på benken. Deretter har det vanka seks kampar frå start på sidelinja med berre tre innhopp (overtidstillegg er her medrekna):
- 23. serierunde mot Vålerenga: Bytta inn i det 86. minutt (7 minutt speletid)
- 25. serierunde mot AaFK: Bytta inn det 88. minutt (5 minutt speletid)
- 26. serierunde mot Haugesund: Bytta inn i det 68. minutt (25 minutt speletid)
Difor har Finne berre vore involvert i 37 minutt i haust. Totalt har han spelt 523 minutt for Brann i Tippeligaen 2013.
18-åringen har sett inn fem mål og har også ein målgjevande pasning for raudtrøyene. Tre av måla, samt den målgjevande, kom mot Sandnes Ulf i 14. serierunde.
– Ikkje veldig enkelt
Det var berre to veker etter at han sa nei til å signera ny kontrakt med Brann, og han vart bua på av heimepublikumet før han sette inn eit hat-trick i førsteomgangen.
Skarsfjord sa også til Bergens Tidene i juni at Finne sitt kontraktavslag ville få konsekvensar for speletida hans.
Finne innrømmer til NRK etter innhoppet mot FK Haugesund fredag kveld at det er litt tungt å vera han akkurat no.
– Eg hadde kanskje ein idé om at det kanskje kom til å skje. Eg var førebudd på det, og no får eg berre jobbe det eg kan når eg får sjansen. Det er kanskje ikkje det lettaste det har vore å vere meg akkurat no, seier han.
Finne håpar han vil spele dei kampane han kan for å vere førebudd på overgangen til den tyske klubben etter sesongslutt.
– Eg kjem til å halde meg i form. No jobbar eg på kvar dag, avsluttar han.