Det internasjonale skiskytarforbundet har blitt kritisert for ikkje å teste utøvarar utanfor konkurransar.
Ein test for å avsløre bloddoping kostar rundt ti tusen kroner. Difor har IBU valt å slå til på mistanke, heller enn å jobbe breitt.
- Vi kunne sikkert ha testa tusen personar, men ikkje tatt nokon. Vi jobbar meir målretta enn det, seier Besseberg til NRK.
Nettradio:
Måndag kveld offentliggjorde forbundet at ein eller fleire utøvarar har avgitt ei positiv a-prøve. Ifølge fleire internasjonale media skal det handle om tre russiske skiskyttarar.
Les:
Les:
Besseberg vil ikkje peike nase mot kritikarane av antidopingarbeidet i IBU. Han tykkjer likevel mange uttalar seg på sviktande grunnlag.
- Vi kan ikkje fortelje korleis og kor ofte vi testar. Kritikken som har kome, om at vi ønskjer å beskytte juksemakarane i idretten, har ikkje rot i røynda. Kritikarane er kunnskapslause, avsluttar Anders Besseberg.
B-prøvene skal etter planen vere klare mellom 12. og 15. februar.