Den respekterte tyske skiskytartrenaren Wolfgang Pichler trenar Sveriges landslag. No krev han at heile det russiske laget blir kasta ut av verdscup, VM og OL. Grunnen er det han meinar er organisert doping av russiske skiskytarar.
Les:
Les:
- Tre russiske utøvarar blir tekne på same stad, til same tidspunkt. Dette er ikkje noko som skiskytarane har funne på sjølve, men organisert gjennom det russiske forbundet. Straffa bør difor vere å kaste ut heile det russiske laget i eitt eller to år, seier Pichler til NRK Sport.
Tidlegare i veka namnga ei russisk avis Jekaterina Jurijeva, Albina Akatova og Dimitrji Jarosjenko. Trioen skal ha blitt tatt for å ha brukt bloddopingstoffet CERA under verdscuphelga i Østersund i byrjinga av desember. Kjelder i det russiske støtteapparatet stadfesta namna til NRK. Tyskaren, som trenar det svenske landslaget, fortel at fleire trenarar støttar synet om strengare straff for juksemakarane.
- Vi hadde eit møte etter verdscupavslutninga i Holmenkollen i fjor. Der var trenarane samde om at jukset burde straffast hardare. I dag blir utøvarane stengt ute i to år, men det har vist seg å vere for lite. Vi ga russarane ein advarsel i Holmenkollen og kva var resultatet? Jau, at tre russarar testa positivt under det første rennet i årets sesong.
Les:
Fryktar framtida til sporten
Norske utøvarar og leiarar vil ikkje kommentere dopingsaka før b-prøvene er ferdig analysert. Wolfgang Pichler trekk fram historikken for å forsvare angrepet mot russisk skiskyting før b-prøvene er klare.
- 99 prosent av alle positive a-prøver resulterar i ei positiv b-prøve. Eg er overtydd om at russarane er dopa. Hvis ingen seier noko, skjer det heller ingenting. No er det på tide å agere.
Tyskaren bur i Ruhpolding og fryktar skiskytarsporten skal lide same skjebne som sykkelsporten har gjort i Tyskland. Etter omfattande dopingavsløringar under Tour de France pakka tyske fjernsynsstasjonar saman utstyret og reiste heim i protest.
Les:
Pichler seier tyske stasjonar vurderar å gjere det same dersom dopingavsløringane vil halde fram i skiskyting.