Russiske Maxim Tsjoudov letta på trykket under dagens pressekonferanse der medaljane frå søndagens dramatiske jaktstart skulle kommenterast.
Sølvvinnaren seier han no er ferdig med saka.
- Ole Einar var den beste løparen og fortente gullet. Eg meiner likevel at Bjørndalen braut regelverket og dette bør forfølgast, seier Tsjoudov.
Han blei utropt som vinnar etter at Bjørndalen og fleire andre gjekk feil i løypa, men avgjerda blei gjort om etter protestar frå andre land.
Tsjoudov reknar med at det russiske skiskytarforbundet vil prøve saka i CAS, idrettens voldgiftsrett i Lausanne. Tsjoudov ser seg ferdig med saka.
Les:
Les:
- Tøff tid
Han fortel vidare om ei særs vanskelig tid i det russiske laget, etter at tre løparar vart avslørte for juks. Tsjoudov har knapt sove og føler dei andre laga behandlar russarane dårlig.
- Noko bør gjerast for å lette på stemninga. Skiskytarfamilien er liten, derfor er det viktig at vi er venar. Derfor bør vi møtast og snakke ut om eventuelle konfliktar. Dopingsaka har sjølvsagt gått utover førebuingane mine, sa sølvvinnaren.
Les:
Les:
Les:
- Ikkje gå bak ryggen vår, hvis nokon har noko å seie, sei det til oss. Snakk med utøvarane, snakk med leiarane, kven som helst. Men ikkje snakk stygt bak ryggen vår, ber Tsjoudov.
Han henviser vidare til den russiske legen når det gjeld dopingsspørsmålet, men seier til NRK at han full kontroll på det han puttar i kroppen. Den kontrollen bør alle idrettsmenn ha, meinar han.
- Trur du dine dopingdømte lagkameratar er skuldige?
- Det vil eg ikkje kommentere, seier russaren til NRK.