NRK Meny
Normal

- Hatar Rally Monte Carlo

Henning Solberg mislikar tradisjonsrallyet sterkt.

Henning Solberg etter tredje dagen i Rally Monte carlo.
Foto: Ole Rolfsrud / NRK

- Møkkarally, seier Henning Solberg til NRK med glimt i auget rett etter at dag 3 av Rally Monte Carlo er køyrt ferdig. 35- åringen legg ikkje skjul på at han tykkjer rallyet er oppskrytt.

- Dette er eit rally som det krev særs mykje rutine for å meistre. Den rutinen har eg ikkje. Eg hadde truleg ikkje hata dette rallyet dersom eg hadde køyrt her mange gongar, seier Solberg, som har køyrt Rally Monte Carlo to gongar tidlegare.

Eg hatar Rally Monte Carlo!

Henning Solberg opplevde at ein støytdempar rauk på bilen tidleg laurdag og at han og kartlesar Cato Menkerud mista mykje tid i forhold til førarane framfor seg i samandraget.

Latter frå veslebror

Petter Solberg ligg på femteplass etter køyringa laurdag. Han ler når NRK fortel at Henning kallar evenementet for eit møkkarally.

- Henning hatar asfalt, ler Petter Solberg. Eg snakka med han tidlegare i dag og då var han særs lite nøgd med utviklinga. Dette er eit rally som krev mykje av duoen inne i bilen og som tek tid å lære.

Henning Solberg har eit minutt og førtifem sekund opp til den svenske kometen Per-Gunnar Andersson, som ligg på åttandeplass. Målet for Henning var å hamne som nummer åtte og ta med seg eitt poeng heim til Noreg.

- Eg kjem til å ta det rolig og sjå kva som skjer framfor meg i feltet. Nokon må ha eit uhell dersom eg skal kapre eitt poeng, alt kan skje, avsluttar Henning Solberg.

Rally Monte Carlo blir avslutta søndag med fire fartsprøver i fjella nord for Monaco. Sebastien Loeb leiar føre Mikko Hirvonen, medan Chris Atkinson ligg på tredjeplass.

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal
VM sykkel
VM sykkel: Tempo
VM sykkel
Semifinale i cupen, menn
VM-kveld
4-4-2 NM fotball: Semifinale Vålerenga - Sarpsborg 08
Cupen: Semifinale, Vålerenga - Sarpsborg 08
Cupen: Semifinale, Vålerenga - Sarpsborg 08