– Resultatet er eit slag i ansiktet for (IOC-president) Thomas Bach, skriv Frankfurter Allgemeine i dag.
Søndag sa veljarane nei til Hamburgs søknad om sommar-OL i 2024. Fleirtalet var knapt, men stort nok til at Hamburg no trekkjer sin søknad.
– Mistrua til idretten er no så stor at tilliten til milliardbutikken IOC er for liten, skriv avisa, og viser til dopingbråket i friidretten, korrupsjonsbråket i FIFA og skuldingane om at Tyskland sjølv brukte korrupsjon til å skaffe seg fotball-VM i 2006.
– Dramatisk
– Den olympiske ideen i Tyskland er gravlagd for lang tid framover, skriv Süddeutsche Zeitung. Tyskland har ikkje hatt OL sidan sommarleikane i München i 1972. München sa også nei til vinter-OL 2022 i ei folkerøysting.
Christian Schenk, som tok OL-gull i tikamp i 1988, slo skuffa fast at no er toget gått for Tyskland. – Det er dramatisk, og gjer meg vondt. OL-gull er ikkje lenger eit førebilete for folk, seier han til nettstaden mopo.de.
I desember i fjor vedtok IOC Agenda 2020, som skal mjuke opp krava for OL-arrangement.
– Bach må vere mykje meir aktiv
Men kritkarane slår fast at reformene ikkje går langt nok. Gruppa «No Boston Olympics», som fronta motstanden i Boston, peika på at IOC framleis lar arrangøren ta den økonomiske risikoen, ifølgje nettstaden boston.com.
– Dette (Hamburgs nei) kan ikkje IOC-presidenten like, for det viser at reformprogrammet ikkje er overtydande, skriv avisa.
– Bach må ut på banen og vere mykje meir aktiv, og marknadsføre olympiske verdiar der det trengst. Det som har skjedd no, er krise for merkevaren OL, seier den amerikanske journalisten Alan Abrahamsen til nettstaden 3wiresports.com.
– Når folk ikkje ønskjer deg, er det noko som er gale – svært gale.
Ingen fleire folkerøystingar
I USA trekte Boston seg som kandidat i sommar, så tidleg at USA kunne lansere Los Angeles som sin nye kandidat før fristen gjekk ut 15. september.
Tyskland valde i fjor Hamburg som sin kandidat framfor Berlin – først og fremst fordi det der var større oppslutnad om arrangementet. Og så seint som i september viste meiningsmålingar opptil 64 prosents oppslutnad om OL-søknaden.
Hamburgs nei kjem i kjølvatnet av røystingar med nei-fleirtal i München, Krakow og St. Moritz i samband med vinter-OL 2022.
I kampen om OL 2024 er det framleis eit sterkt felt: Los Angeles, Budapest, Roma og Paris. Ingen av dei har planlagt folkerøysting, sjølv om ei meiningsmåling i september viste at eit fleirtal i Budapest ønskte å få seie meininga si.