Etter den harde kritikken mot at mage langrennsløparar og hopparar vil droppe NM i Trondheim, har utøvarane, Skiforbundet og arrangørane no klara opp i situasjonen.
Det er dermed klart at langrennsløparane stiller opp i sine beste disiplinar.
Les også:
Les også:
Det betyr at klassisk-løparar som Jens Arne Svartedal og kanskje Odd-Bjørn Hjelmeset ikkje stiller i 15 km fri på torsdag, men går klassisk seinare i NM.
Det kan rettnok hende at Hjelmeset ikkje stiller, men det har i så fall å gjere med skaden han fekk i Marcialonga sist helg.
Men med ei slik ordning får publikum ialfall gode duellar på kvar distanse.
Til Japan
Det er også klart at Roar Ljøkelsøy og Bjørn Einar Romøren ikkje stiler i hopprennet onsdag. Dei reiser i staden til Japan for å prøve å kvalifisere seg til versdscuprennet i Sapporo.
Men dei beste - Anders Bardal, Andrs Jacobsen og Tom Hilde - stiller.
- Det er sjølvsagt synd Roar ikkje stiller. Men all vi i Trøndelag ønskjer at han skal finne tilbake til formen, så vi ønskjer han lykke til, seier NM-sjef Svein Ove Dyrdal til NRK.