NRK Meny
Normal

Vil ha fleire dopingtestar

- Det er naivt å tru at ingen skøyteløparar er dopa, meiner fleire utøvarar og trenarar. Men det er usemje om det trengst fleire testar.

Mikael Flygind Larsen
Foto: FRANCK FIFE / AFP

- Det trengst fleire testar enn av ein tilfeldig utvald løpar etter kvar konkurranse, seier Mikael Flygind Larsen til NRK.

Under verdscupstemnet i Vikingskipet i helga vart det berre teke 20 testar.

Nettradio: - Vi bør ha fleire dopingtestar

- Det er naivt å tru at vår sport er reinare enn andre, så det bør bli teke fleire testar, både av blod og urin, seier Flygind Larsen.

Sjølv vart han testa berre fem gongar i fjor, og i gjennomsnitt vart dei norske løparane testa ni gonger.

Av 10 løparar og trenarar NRK har snakka med, meiner dei fleste at det blir testa nok, men at det er grunn til å tru at de førekjem doping også i skøytesporten.

- Eg trur også at det finst dei som vil ta snarvegar, men eg trur likevel at det blir testa nok som det er i dag, seier Russlands trenar Vadim Sajutin.

Testansvarleg under løpa på Hamar, Joel Shabe, meiner også testinga er god nok.

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal
4-4-2 Eliteserien fotball: Tromsø - Odd
Eliteserien: Tromsø - Odd og semifinale cupen
4-4-2 NM fotball: Semifinale Molde - Lillestrøm
4-4-2 NM fotball: Semifinale Molde - Lillestrøm
Cupen: Semifinale, Molde - Lillestrøm
Semifinale i cupen, menn
4-4-2 NM fotball: Semifinale Molde - Lillestrøm
4-4-2 NM fotball: Semifinale Molde - Lillestrøm
Etter Kamp
4-4-2 NM fotball: Semifinale Molde - Lillestrøm
4-4-2 NM fotball: Semifinale Molde - Lillestrøm