Søndag skreiv Henrik Bjørnstad på sin internettblogg at motivasjonen og kjærleiken til golfsporten er borte. Grunnen er dårlege resultat og mangelen på eit skikkeleg støtteapparat.
Marius Bjørnstad er bror og tidlegare caddie til Henrik.
Han seier til NRK at Henrik Bjørnstad er inne i eit vegskille i karrieren. Enten må han få eit meir profesjonelt støtteapparat rundt seg for å kunne satse. Hvis ikkje vil Henrik Bjørnstad sannsynlegvis finne seg noko anna å gjere.
Vil ha fred, tek time-out
Henrik Bjørnstad landa tysdag morgen i Noreg og han droppar med det den komande turneringen han skulle ha spelt i Chicago. I ei tekstmelding til NRK skriv Bjørnstad at han no ønsker tid til å tenke og dei tankane ønsker han ikkje å dele med media.
Den 28 år gamle golfspelaren spelte i fjor på PGA- touren, den meste prestisjetunge golfturneringen i verda. I år har Bjørnstad spelt fem turneringar på Nationwide-touren, men har berre klart å kvalifisere seg til finalerundene tre gongar.
Henrik Bjørnstad og Jan-Erik Aalbu
Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX- Tøft liv åleine i USA
Tidligere sportssjef i golfforbundet, Jan-Erik Aalbu, tykkjer det er trist at Henrik Bjørnstad igjen vurderer å legge opp. Óg sommaren 2004 mista Bjørnstad lysta og jobba som snikkar i nesten eitt år. Då fekk Jan Erik Aalbu Bjørnstad tilbake på golfbana.
Aalbu har og jobba for hopplandslaget og fortel om store skilnadar mellom det å vere skihoppar og det å vere golfproff.
- Du kan tenke deg ein skihoppar som må reise åleine til USA. Han må ordne reise, hotell, påmelding, transport til og frå arena. Det seier seg sjølv at det blir ei påkjenning. Ingen andre toppidrettsutøvarar gjer dette i Norge, men dette har vore kvardagen for Henrik Bjørnstad i USA, seier Aalbu.