Asafa Powell ville snakke om seg sjølv, ikkje konkurrenten Tyson Gay då han møtte pressen i Osaka fredag. Mange er spente på om amerikanske Gay kan utfordre Powell i finalen på 100-meter.
Powell vel ikkje å snakke om konkurrenten Gay.
- Eg er ein utøvar som går ut på bana for å levere varene på høgast mogleg nivå. Derfor fokuserar eg berre på meg sjølv og ingen andre. Når eg konkurrerar er eg "åleine" på bana, seier Asafa Powell til NRK.
Gay med årsbeste
Tradisjonelt sett har rivalar på hundremeter slengt meldingar i dei fleste himmelretningar i oppkøyringa til ein finale i ein meisterskap. Slik er det ikkje med duoen Powell/ Gay. Med tida 9.84 er det amerikanaren som har sprunge raskast på 100-meter i år. Tyson Gay trur begge utøvarane har blitt betre i år.
- Eg har utvikla meg i år. Det har óg Asafa Powell. Derfor blir det ein særs interessant konkurranse søndag, seier Gay.
Det er Asafa Powell som har verdsrekorden på 100-meter, med tida 9.77. Og når NRK spør Powell kven som er favoritten, då er det slutt på dei høflige frasene.
- Asafa Powell, Asafa Powell, Asafa Powell, avsluttar 24-åringen frå Linstead på Jamaica.
Finalen på 100-meter går klokka 1520 søndag, ein finale du kan følge på NRK1.