Overvåkningskamera

Dei blir overvaka 24 timar i døgnet

YouTuber Jonas Lihaug, e-sportreporter Donya Jabari

Kvar bevegelse blir live-streama ut til massane

Pierre Louis

Ein YouTuber, ein e-sportreporter og ein reality-kjendis er «stuck»

YouTuber Jonas Lihaug, e-sportreporter Donya Jabari og reality-deltakar Pierre Louis

Gamingens svar på Big Brother

Gamingens svar på Big Brother

– Det er jo heilt ko-ko, men eg gler meg skikkeleg.

Slik beskriv e-sportsreporter Donya Jabari konseptet som får stor innverknad på livet hennar dei neste månadane.

Saman med reality-kjendis Pierre Louis Olsson (28) er ho ein av profilane i det nye spelhuset til NRK. Rolla til YouTuber Jonas Lihaug (32) skal vi snart kome tilbake til.

Gaming-paradis

Det store spelhuset til NRK, som har fått namnet LL35, rommar 200 kvadratmeter og har alt ein «gamer» kan ønske seg.

Det vil seie gamingrom, storskjerm for å spele konsoll-spel saman, eigen gaming-PC på soverommet og eit uendeleg utval av diverse spel.

Plotwisten er: Dei er omringa av 50 kamera som live-strøymer alt dei gjer. Kvar einaste rørsle blir dokumentert og sendt på direkten på tenesta Twitch og i nettspelaren på NRK TV.

Målet med gaminghuset er nemleg å lage innhald for dei som ser på.

Eit bilete av ein stor kvit villa plassert i ein ås.
Foto: Håvard Schei / NRK

Overvaking 24/7

– Det er vanskeleg å tenke over korleis det blir, seier Donya.

Ho skal bli verande i huset i tre månader.

– Du anar ikkje kor lenge ei veke vil kjennest ut her. Du vil aldri vere 100 prosent deg sjølv når du veit at det er kamera på deg.

Gaminghuset bør kanskje beskrivast som «Big Brother Light». For sjølv om dei kjem til å vere mykje i huset får dei faktisk lov til å gå inn og ut som dei vil. Og å ha besøk og gjestar i forbindelse med innhaldet dei skal lage.

– Eg ser skikkeleg fram til å lage morosame ting med sjåarane, fortel Donya.

Det blir tradisjonell gaming-streaming, men publikum vil også følgje profilane gjennom matlaging, trening og andre aktivitetar.

– Det gjer det lettare for min del å vite at vi skal vere interaktive med publikum. At dei skal vere med å bestemme kva vi skal gjere og vidare kommentere det vi gjer.

Donya Jabari er ein av Noregs mest profilerte e-sportreporterar, og har dekka e-sport både for TV 2 og VG.

Donya Jabari

Dei neste månadane skal ho bu saman og spele med reality-kjendis Pierre Louis Olsson. I tillegg dukkar det opp ein profil til.

Jonas Lihaug, Donya Jabari og Pierre Louis Olsson

Svenske Pierre har dei siste åra gjort seg bemerka i «Paradise Hotel», «Ex on the Beach» og «Ex on the Beach – Afterski». Han har også vore programleiar for «Singletown».

Pierre Louis og hunden Otto

Han er tydeleg på at gaminghuset blir svært annnleis enn det han har vore med på før med tanke på at det ikkje er opptak, men live-streaming.

Pierre Louis og hunden Otto

– Eg er mest bekymra for å seie ting som ein absolutt ikkje skal seie live. Eg har veldig grov humor, fortel Pierre.

Tekniske problem og vasslekkasje

Å få gaminghuset i stand har vore alt anna enn enkelt. I utgangspunktet skulle alt vere klart før påske, men tekniske problem og ein diger vasslekkasje har naturlegvis forsinka prosessen.

I utgangspunktet skulle YouTuber Jonas Lihaug vere den tredje og siste profilen i gaminghuset. Men den nemnte forsinkinga har ført til at perioden han skulle vere med snart er forbi.

– Den største skuffelsen er at eg har kjent på kor artig det kjem til å vere å gå live her.

Jonas Lihaug

– Berre i testperioden har vi laga sjukt morosame streams, som ikkje har vorte sendt live.

Jonas Lihaug

Denne helga er nemleg hans siste helg i LL35. Vekene fram til nå har han vore med å testa ut konseptet.

– Eg har storkosa meg sjølv med drilling i veggane. Derfor må eg nok kome tilbake for å setje mitt preg på prosjektet, seier den tidlegare programleiaren i «FlippKlipp» og «4ETG».

Jonas sin erstattar er klar og vil vere på plass i huset innan 1. juni.

Spente på kvarandre

Da NRK møtte Donya, Pierre og Jonas tidlegare i vår var det god stemning mellom dei. Dét trass i at dei også var svært spente på kvarandre.

Sjå då dei møttest for fyrste gong under:

Gaminghus-profilane skal gjette kven sistemann i gaminghuset er.

Jonas Lihaug og Donya Jabari møter sistemann som skal vere i Gaminghuset med dei.

Dei kjente ikkje kvarandre frå før, noko som var tydeleg også da NRK kom for å gjere intervju. Pierre hadde nemleg forsove seg, og Donya visste ikkje om ho burde banke på og vekke han, eller la han sove.

– Eg kjenner han jo ikkje. Ikkje ennå, sa ho da.

Kjemien var likevel god frå starten av. Og fordommane dei hadde mot Pierre – som er mest kjent som reality-deltakar – skulle fort vise seg å gå i oppløysing.

– Realitydeltakarar er dei ein lettast dømmer. Og så tok det fem minutt å dra ned alt eg tenkte, fortel Donya.

YouTuber Jonas Lihaug, e-sportreporter Donya Jabari og reality-deltakar Pierre Louis

Donya Jabari, Pierre Louis Olsson og Jonas Lihaug gler seg til å kome i gang i LL35 (namnet er frå adressa som lyder Langs Linjen 35).

Foto: Heather Ørbeck Eliassen / NRK

– Fyrst var eg skeptisk til korleis det skulle føre til relevant innhald med tanke på gaming og digital kultur. Men så merka eg at han er jo ein ekte nerd, faktisk. Da vart alle bekymringane mine borte augeblikkeleg, fortel Jonas.

– Vi har faktisk det veldig obskure Tibia som felles barndomsgaming-referanse. Det er det ikkje alle som kan seie, fortset han.

Spelar: RP i GTA V

Best på: «Aim», altså skytespel

Dårleg på: Call of Duty

Pierre Louis

Spelar: League of Legends, Valorant, CS: GO, Rocket League og alt som kan konkurrerast i

Best på: Det strategiske. Eg er god til å tenke, og setje meg i fordelaktige situasjonar

Dårleg på: Det mekaniske

Donya Jabari

Spelar: Gjerne Overwatch

Best på: Ikkje spesielt god på nokon spel. Eg er best på å le av kor ræva eg er

Jonas Lihaug

– Absurd at det ikkje blir dekt

Ideen om å få gaming eller e-sport på norsk TV er noko Øyvind Helland, prosjektleiar for spelhuset, har ønska seg i mange år.

– Ideen handlar også om å gjere noko heilt nytt og skilje seg ut frå alle millionane av dyktige innhaldsskaparar som er på Twitch og YouTube frå før. Vi måtte spørje oss kva NRK kunne bidra med som ingen andre kan gjere, svaret vart altså dette, seier Helland.

Spelekspert i NRK, Rune Fjeld Olsen, synest det er flott at NRK satsar på spel. Han meiner det er altfor lite dekking av det han ser på som eit viktig kulturmedium i norsk presse.

– Ein ser at spel er noko av det viktigaste underhaldningsmediet for nordmenn. Det er absurd at det ikkje blir betre dekt i Noreg.

– Avhengig av å få publikum

Ifølgje Olsen finst det allereie mange som er live på Twitch kvar dag, men som TV-satsing er dette unikt. Ikkje berre i Noreg, men i verda.

Rune Fjeld Olsen

Rune Fjeld Olsen er spelekspert i NRK.

Foto: Siri Vålberg Saugstad / Siri Vålberg Saugstad

– Kva kan dette ha å seie for gamingmiljøet og statusen i Noreg?

– Det er det store spørsmålet, da. Ein er avhengig av å få eit publikum her. Det veit ein ikkje om ein får til. Det er ein spent flokk som vil følgje med på dette, inkludert meg sjølv, seier Olsen.

Han peiker vidare på at det kan bli utfordrande å nå ut til målgruppa dei vil nå ut til fordi dei har ein skog av andre tilbod tilgjengeleg.

– Det står litt fram som ei risikosatsing, for det er ikkje gitt at det blir ein suksess. Det er eit kresent publikum dei lagar innhald for.

Den beste spelaren

Donya og Pierre er klare over utfordringane som ventar dei. Likevel har dei stor tru på at dei kan ha det veldig morosamt saman.

– Eg gler meg skikkeleg til å begynne å lage ting med dei som ser på, seier Donya engasjert.

Når vi spør reality-kjendisen Pierre om kvifor han sa ja til å vere med på dette svarer han:

– Kvifor seie nei? Det her er for kult til å ikkje vere med på.

Gaminghuset startar i beta-versjon denne helga, og du kan følgje gjengen på Twitch, og etter kvart også i NRK TV.