Ygor har funne seg ny klubb

Den tidlegare Start-spelaren har funne seg ny klubb i heimlandet.

Starts Ygor Maciel Santiago

NY KLUBB: Ygor Maciel Santiago har skrive under for Serie B-klubben Figueirense i Brasil.

Foto: Schrøder, Tor Erik / SCANPIX

25-åringen har nemleg skrive under for Serie B-klubben Figueirense. Laget kom på 6. plass i serien i fjor, ifølgje Fædrelandsvennen.

Ygor vart samd med Start om å bryte samarbeidet tidlegare denne månaden.

Ygor kosta Start rundt 10 millionar kroner då Stig Inge Bjørnebye henta han i 2007.

– Dette er eit bidrag til å bli best i Skandinavia , sa sportssjef Trond Are Gjone då Ygor vart presentert i februar 2007.

Slik gjekk det ikkje.