Levermyr stadion
Foto: Per-Kåre Sandbakk/NRK

Kampen om Levermyr stadion

KrF-politikaren fekk skryt for god informasjon kring legging av kunstgras på Levermyr stadion. I ettertid viser det seg at politikaren feilinformerte formannskapet.

– Det er tydeleg at det har vore gjort ein grundig jobb her frå fleire i forhold til å kartlegge moglegheitene, sa ein av formannskapsmedlemmene i Grimstad etter diskusjon om Levermyr stadion.

Formannskapet har vedteke at moglegheitene for legging av kunstgras på Levermyr stadion skal utgreiast.

Men det viser seg at mykje av informasjonen som kom fram under debatten i formannskapsmøtet er feil.

Bjørg Engeset Eide

Bjørg Engeset Eide på talarstolen i bystyret i Grimstad ved eit tidlegare høve.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Det viser seg også at KrFs Bjørg Engeset Eide kom med ei rekkje uriktige opplysningar då ho la fram sine argument for kvifor ho meiner det bør leggast kunstgras på Levermyr stadion.

– Eg har jo forstått at mykje ikkje stemte. Eg har vel lært at det er lurt å snakke med folk direkte sjølv, seier Engeset Eide til NRK.

Dette var feil

  • Ho hevda mellom anna at det er fullt mogleg å kombinere diskos, slegge og spyd med kunstgras. Denne informasjonen hadde ho fått frå fotballklubben Jerv, som ho tidlegare har site i styret i.
  • Både Friidrettsforbundet og Kulturdepartementet avviser at det er mogleg å kaste slegge, diskos eller spyd på kunstgras per dags dato.
  • Ho hevda også at Jerv hadde snakka med Friidrettsforbundet som sa at det hadde komme ein ny type spyd som ikkje går ned i graset når det landar. Jerv stadfestar overfor NRK at dei aldri har vore i kontakt med forbundet. Friidrettsforbundet seier også til NRK at dei aldri har vore i kontakt med representantar frå Jerv.
  • KrF-politikaren hevda også at det fins ein ny type spyd med butt tupp som kan brukast på kunstgras. Friidrettsforbundet stadfestar at dette fins, men at det ikkje er godkjent for konkurranse.
  • Enegeset Eide hevda også at det ikkje er mogleg å få spelemidlar frå staten dersom ein legg naturgras. Dette tilbakeviser Kulturdepartementet overfor NRK.
  • Ho hevda også at Aust-Agder Idrettskrets vil godta kunstgras på fylket sitt førebels einaste fullverdige friidrettsanlegg. Dette avviser Idrettskretsen overfor NRK.
Per Gunnar Topland

Per Gunnar Topland er styreleiar i FK Jerv.

Foto: Pål Tegnander / NRK

No vedgår Engeset Eide at ho aldri sjølv har snakka med verken Idrettskretsen, Idrettsforbundet eller Friidrettsforbundet. Alle opplysningane ho formidla i formannskapet hadde ho fått frå styreleiar i FK Jerv, Per Gunnar Topland.

– Eg kjem ikkje til å kommentere noko rundt dette. Om det er faktafeil vil det komme fram i ei utgreiing. Eg forstår ikkje kvifor de rotar i dette. Dette er ikkje noko sak, seier Topland til NRK.

Men han henviser til styremedlem Kai Runar som undersøkte saka.

– Eg var i kontakt med Idrettsforbundet som viste vidare til Idettskretsen. Eg har kasta lappen med namnet på han eg snakka med i kretsen, så det namnet har eg dessverre ikkje. Men han sa han kjende til det er mange anlegg som kombinerer spydkast og kunstgras, seier Runar til NRK.

Når Engeset Eide vert konfrontert med faktafeila seier ho følgjande:

– Vi politikarar kan ikkje gå kjempegrundig til verks i alle saker. Vi må kunne stole på at opplysningane vi får frå til dømes forbund er riktige, sjølv om det vart uheldig denne gongen og viste seg å vere veldig feil, seier ho.

KrF-politikaren understrekar ho ikkje vil øydelegge for friidretten. Ho seier mellom anna at ho er stolt over ha vore med på å realisere friidrettshallen i Grimstad til 90 millionar. Bygginga startar rundt 1. mai.

– Eg trudde ikkje dette gjekk utover friidretten. No må vi komme i dialog og finne gode løysingar for alle partar. Vi må sjå på alle aspekta slik at ikkje nokon skal måtte vike plass og ikkje få alternativ, seier ho.

Engeset Eide skisserer mellom anna at ei løysing kan vere å byggje eit heilt nytt friidrettsanlegg i tilknyting til friidrettshallen som står klar neste år.

– Men dette er sjølvsagt eit kostnadsspørsmål, seier ho.

Hall Grimstad

Det skal byggast friidrettshall i Grimstad som skal stå klar neste år.

Foto: Illustrasjon: Asplan Viak

Veit ikkje kven som tek feil

Nokre dagar etter formannskapsmøtet stod Bjørg Engeset Eide fram i eit intervju lokalavisa Grimstad Adressetidende. Der sa ho mellom anna at kunstgras på Levermyr er det einaste «fornuftige».

Det stod også følgjande:

«Men jeg må sørge for å stå på litt. For det blir nok litt om og men, sier Eide, og viser til et av spørsmålene som vil dukke opp, friidrettssaken. – Det har jeg allerede sjekket opp, og Idrettsforbundet sier at det er opp til hver enkelt krets. Og Idrettskretsen her sier: kjør på! Det er jo særlig med tanke på spyd, men mange baner har fått kunstgress, så dette har de funnet en løsning for.»

– Jerv seier i ettertid at dette var opplysningane dei fekk. Kvar feilen ligg veit ikkje eg, seier Engeset Eide.

Levermyr stadion

Det må leggast varmekablar på Levermyr stadion for at Jerv skal kunne spele der i framtida.

Foto: Per-Kåre Sandbakk/NRK

Idrettskretsen: – Ei misforståing

Organisasjonssjef Svein Lien i Aust-Agder Idrettskrets hevdar at ingen i kretsen har snakka med verken Jerv eller Engeset Eide. Han avviser at kretsen støttar legging av kunstgras på Levermyr.

Svein Lien

Svein Lien er organisasjonssjef i Aust-Agder Idrettskrets.

Foto: Thomas Grønvold/NRK

– Vi vil prøve å formidle at vi ikkje står for uttalelsen det blir referert til. Før kommunestyret måndag vil vi gjere det klart at det ikkje er vår uttalelse, seier Lien.

Han understrekar også at det ikkje er Idrettskretsen som avgjer om det kan leggast kunstgras på Levermyr stadion.

– Det må bero på ei misforståing. Vi har ikkje fagkunnskapen vi tykkjer vi skal bruke i slike samanhengar. Vi henviser til særforbunda som har fagkunnskap innan anleggsområdet. Her gjeld det i første omgang friidrettsforbundet og eventuelt fotballforbundet, seier han.

Friidrettsforbundet har allereie slått fast at dei vil behalde naturgraset på Levermyr stadion. Ifølgje teknisk konsulent Ole Petter Sandvig i Friidrettsforbundet er det ikkje mogleg å kaste diskos, spyd eller slegge på kunstgras.

Ifølgje Sandvig vil trådane i kunstgraset kuttast ved bruk av slegge. Dermed vil underlaget bli humpete.

– Fotballen vil ikkje like korleis kunstgraset ser ut etter at det er kasta slegge eller spyd der, sa han til NRK tidlegare denne veka.

Departementet måtte «rydde opp»

Friidrettsforbundet har også slått fast at dersom underlaget vert endra til kunstgras, så vil dette bli rekna som ei bruksendring av anlegget. Det inneber mellom anna at det kun kan arrangerast konkurransar med begrensa øvingar.

Det vil ikkje ein gong vere mogleg å gjennomføre eit kretsmeisterskap på Levermyr på grunn av at ein ikkje kan kaste verken spyd, slegge eller diskos.

I 2011 fekk Grimstad kommune pengar til rehabilitering av friidrettsanlegget på Levermyr stadion. Ifølgje Kulturdepartementet vart det utbetalt 700 000 kroner.

Kommunen kan måtte betale tilbake desse pengane om dei legg kunstgras.

I fjor sommar sende departementet ut eit brev til alle kommunar med informasjon om saksgangen i slike saker. Bakgrunnen er ei rekkje konflikter mellom fotball og friidrett, der fotballen vil legge kunstgras på felles fotball- og friidrettsanlegg.

– Dersom kommunen ynskjer å endre bruken av dette anlegget ved å leggje kunstgras der det er naturgras i dag, så må ein hente inn eit førehandssamtykke til ei slik endring. Årsaka er at omlegginga inneber at ein ikkje kan kaste spyd, diskos og slegge på eit kunstgrasanlegg, seier Åsmund Berge som er fagdirektør i avdeling for sivilsamfunn og idrett i kulturdepartementet.

Kulturdepartementet har vore involvert i ei rekkje liknande saker andre stader i landet. Konflikta mellom fotball og friidrett i Grimstad er altså langt ifrå unik.

– Det er ikkje unaturleg fordi fotballen har eit ønske om å spele på eit anna dekke. Det kjem i konflikt når fotballbana litt i kombinert anlegg med friidrettsbane rundt, og der naturgraset har vore brukt for kastøvingar, seier han.

Kunstgress

FK Jerv vil legge kunstgras på Levermyr stadion.

Foto: JEAN-CHRISTOPHE VERHAEGEN / Afp

Ulike løysingar

Berge skisserer fleire ulike løysingar frå andre stader. I nokre tilfelle har det blitt gitt løyve til å legge kunstgras der både Fotballforbundet og Friidrettsforbundet, som er høyringsinstansane i slike saker, meiner det er «føremålsteneleg».

Andre stader har det blitt lagt kunstgras, medan ein har bygd ei ny kastbane i nær tilknyting til eksisterande arena. Ei tredje løysing er å behalde eksisterande anlegg og heller byggje ein heilt ny stadion tilpassa fotball eller friidrett.

Etter at Friidrettsforbundet gjorde Kulturdepartementet kjent med saka, har dei sendt eit brev til Grimstad kommune der dei ber om å bli løpande orientert i saka.

Norges Fotballforbund krev at FK Jerv må få på plass både undervarme og flomlys på stadion. Etter kvalifiseringskampen mot Start i fjor haust, der baneforholda var elendige, fekk klubben kritikk frå forbundet. Dei skreiv i eit brev at liknande baneforhold ikkje vil bli akseptert igjen.

– Må finne ordningar

Styremedlem i Jerv, Kai Runar, understrekar at fotballklubben ikkje vil øydelegge for friidretten.

– Dette handlar om velvilje frå begge partar. Ein kunne til dømes ha lagt ut matter den eine gongen i året et er friidrettskonkurranse. Det er snakk om å finne praktiske løysingar, seier han.

Måndag kveld skal kommunestyret i Grimstad diskutere saka.

Der skal dei mellom anna ta stilling til om moglegheitene for kunstgras på Levermyr stadion skal utgreiast i 2017, som eit einstemmig formannskap gjekk for.

Legging av kunstgras vil tidlegast skje i 2019.

FK Jerv

Jerv hadde ein kjempesesong i debutsesongen i 1 .divisjon. Laget tapte kvalifiseringskampane til eliteserien mot naboen Start.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix