Hopp til innhold

Vurderer totalforbod mot St. Hans-bål

Det er innført totalforbod mot St. Hans-bål fleire stader allereie. Lista over plassar med forbod kan bli lengre måndag.

Det er svært tørt og brannfaren er stor. Brannvesenet ber derfor om varsomhet ved bålbrenning på St. Hans.

VIDEO: Brannvesenet ber folk vere særs forsiktig med bålfyring St. Hans.

Hans Arne Madsen

Vakthavande brannsjef i Kristiansand-regionen Hans Arne Madsen.

Foto: Tor Saltrøe

– Det blir vurdert ut ifrå vêr og vindforhold. Det vi har landa på førebels er at vi oppmodar kvar og ein til å vere særs forsiktig, seier vakthavande brannsjef i Kristiansand-regionen, Hans Arne Madsen til NRK.

– Skrekkscenarioet vårt er ein brann ute av kontroll. Gjerne på holmar der det kanskje er hytter og mykje publikum, der det vil ta tid for oss å komme fram, seier han.

Totalforbod fleire stader

Brannvesenet i Sirdal og Flekkefjord har allereie innført totalforbod mot St. Hans-bål. Det same har brannvesenet i rogalandskommunane Sokndal og Lund gjort.

I Sirdal braut det ut brann i eit hogstområde søndag kveld etter bålbrenning.

Også i Sarpsborg, Fredrikstad og Hvaler er det innført totalforbod mot St. Hans-bål. Det gjeld også på dei organiserte arrangementa.

– Det så tørt no at vi seier nei til all bålbrenning. Det er berre å beklage, men konsekvensane kan bli så store no, at vi ikkje ser andre moglegheiter, sa brannsjef i Sarpsborg Bjørn Aage Sørensen til NRK tidlegare denne veka.

– Delta i fellesarrangement

Brannvesenet understrekar at det er bålforbod mellom 15. april og 15. september.

– Det er utgangspunktet vårt. Skal du fyre opp bål skal det minimum vere 100 meter frå skog og mark, seier Madsen.

Han understrekar at det skal særs lite til før det tek fyr.

– Får ein gneist luft under vengene, og landar der det ikkje er folk, kan vi få ei uønskt hending, seier han.

Brannsjef i Østre Agder brannvesen Hans Henrik Bakke seier at dei ikkje vil innføre totalforbod.

– Det er allereie ulovleg å tenne opp bål i nærleiken av skog og utmark på denne tida. Skal du tenne opp bål skal du vere hundre prosent sikker på at det er trygt. Vi oppfordrar folk til å trekkje mot etablerte bålplassar der det er fellesarrangement, seier han.

Brann i Birkenes

Brannvesenet fryktar ein skogbrann ute av kontroll. Her frå ein skogbrann i Birkenes tidlegare i år.

Foto: Lars Gunnar Ratterholt

Dette bør du tenke på

Tidlegare har brannvesenet i Aust-Agder bede folk om å delta i fellesarrangement, i staden for å fyre opp eigne bål. Brannvesenet ber uansett om at det vert teke forholdsreglar.

– Det kan vere lurt å fukte godt rundt bålplassen. I tillegg bør du ha bøtter med vatn tilgjengeleg, skobrannsmekker om du har og edruelege menneske, seier Madsen.

Brannvesenet ber også om at folk er forsiktige med eingangsgrillar.

– Den er nesten som eit bål. Den står veldig tett på bakken og sender varme nedover. Ein kan vere så uheldig at røter tek fyr, som du ikkje ser. Det kan ulme i lang tid etter at du har teke med deg grillen. Det er viktig å få dynka området rundt godt med vatn, seier han.

– Gi oss beskjed om bålfyring

Brannvesenet påpeikar også at dei skal ha beskjed, dersom du skal fyre opp eit bål. Dei skal ha namn og nummer til ein ansvarleg person.

– Vi vil også vite litt om sikringstiltaksom fyrer bålet har sett føre seg i forkant, seier Madsen.

Han understrekar også at det berre er tre som er lov til å fyre opp. Impregnert tre, søppel og avfall er ulovleg.

Meteorologisk institutt har allereie sendt ut eit OBS-varsel for Østafjells på grunn av ekstrem tørke.

– Det skal mykje nedbør til før skogbrannfaren vert redusert. Det er ikkje noko som tyder på mykje nedbør i nær framtid, seier statsmeteorolog Lise Askautrud til NRK.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %