Hopp til innhold

Vurderer kronerulling for Strømstad

Start sin supporterklubb Tigerberget vurderer å starte kronerulling for å få med yndlingen Fredrik Strømstad i neste års Start-stall.

Fredrik Strømstad og Tigerberget

GIR IKKJE OPP: Tigerberget har framleis eit håp om å sjå Fredrik Strømstad i gult og svart neste år.

Foto: Scanpix - Sander Heggheim/NRK

I førre veke vart det klart at Start-trenar Mons Ivar Mjelde ikkje finn plass til midtbanespelaren. Det betyr at den tidlegare landslagsspelaren ikkje får ny kontrakt med den nyopprykka eliteserieklubben.

– Kan det komme noko ut av ei kronerulling, kvifor ikkje, seier supporterklubben sin talsmann, Torgrim Rygnestad til NRK.no.

Vil hjelpe

Klubben har allereie spurt supporterklubben om hjelp for å få inn sårt trengde kroner til ei pressa klubbkasse.

– Vi har fått spørsmål om å hjelpe til med sal av gamle drakter, seier han.

På debattsidene til Tigerberget rasar debatten om forsterkingar. I tillegg til Strømstad er Hødd-keeper Øjan Nyland ei heit potet. I tillegg vert tidlegare Stat-spelarar som Clarence Goodson, Atle Roar Håland og Morten Hæstad nemnt.

Andre namn som vert nemnt hyppig er Kristian Ørn Sigurdsson, Tijan Jaiteh, Jan Gunnar Solli og Christer Kleiven. Rygnestad meiner klubben må sikte høgare enn å unngå nedrykk i neste års eliteserie.

Stor tillit til Mjelde

– Eg meiner vi kan leggje oss på topp ti om vi er realistisk, seier han.

Supporterleiaren påpeikar også at tilliten til trenar Mons Ivar Mjelde er stor.

– Mjelde står fram som ein utruleg sympatisk herremann. Han kjem bort til oss og pratar med supporterane både før og etter kamp. Nokon stiller spørsmål og får alltid svar. Han har vi tillit til, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Sjimpanser på påskeeggjakt 00:55
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 02 0,87 kr
Dyrest kl. 20 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 3,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,4 kr En vask
  • Varmeovn 0,9 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %