NRK Meny
Normal

– Å sende 16-åringen på Hove er omsorgssvikt

Arendalspolitikar går knallhardt ut mot foreldre som let 16-åringar opphalde seg på campen på Hovefestivalen. No vurderer kommunen eigne vakter på campområdet.

Campen på Hovefestivalen.

Arendal kommune vurderer å ha eigne vakter på Hovefestivalen til sommaren.

Foto: Schrøder, Tor Erik / SCANPIX

– Å sleppe ein 16-åring laus på campen, under dei føresetnadene som har vore til no, er langt på veg omsorgssvikt. I enkelte tilfelle vil eg seie det så sterkt at det burde ha ført til bekymringsmeldingar til rett instans, seier Asbjørn Olsen frå Arbeiderpartiet.

Saka vart diskutert i bystyret i Arendal torsdag. I etterkant av fjorårets festival uttrykte kommunen og politiet bekymring fordi fleire mindreårige var rusa. I tillegg vart det brukt ulovlege rusmiddel som hasj og marihuana inne på campområdet.

Bekymringsbrev frå politiet

– Dei må gjerne gå på konsert, men dei har ingenting på campen å gjere, seier Olsen.

– Skal dei på konsert må foreldre vere det dei skal vere, nemleg påpasselege. Dei må køyre dei til konserten og vere der når den er slutt og hente dei, legg han til.

Politiet sende eit brev til kommunen der dei bad kommunen om å heve aldersgrensa på Hovefestivalen frå 16 til 18 år.

Før jul vart det også halde eit møte mellom kommunen, politiet og Hove der problematikken vart diskutert.

På møtet vart det diskutert fleire tiltak, som til dømes å styrkje vakthaldet på campen for 16-18-åringar. I tillegg skal foreldra til barna ha tilgang til campen utan å løyse billett. Det er også føreslege å skilje campen for dei yngste slik at dei får sitt eige område.

Asbjørn Olsen

Asbjørn Olsen meiner at foreldre tek alt for lett på å la barna sine få lov til å bu på campen på Hovefestivalen.

Foto: Svein Sundsdal/NRK

– Eit tankekors

– Det er eit tankekors at vi som ansvarlege politikarar i Arendal, ein kommune som slit med både levekår og høgt forbruk av rusmiddel blant yngre, skal godta at 16-åringen skal få lov til å bu i ein festivalleir i ei veke utan tilstrekkeleg god vaksenoppfølgjing og god kontroll, seier Arbeiderparti-politikaren.

Olsen meiner også at det er for enkelt for mindreårige å få tak i alkohol.

– Det dei ikkje får kjøpt inne på området får dei andre til å kjøpe for seg. Jo yngre dei er, jo større er sjansen for å utvikle ein rusproblematikk, seier han.

– Når ein er ung, uerfaren, nysjerrig, lett påverkeleg og rusa er steget til å prøve andre ting utover alkohol kort. Dette er det forsking som seier. Det er mange ting med 16 års grensa som eg meiner vi skal vere veldig kritiske til, seier han.

Vurderer kommunale vakter

Ordførar Einar Halvorsen seier at kommunen no vurderer å stille med eigne vakter på Hovefestivalen til sommaren.

– Eg kan love at vi følgjer dette tett. Om vi skal ha eigne folk frå kommunen kan bli tilfelle. Vi føler alle vårt ansvar for ungdommen som vi ikkje ynskjer skal skli ut i samfunnet på denne måten, seier Halvorsen.

Asbjørn Olsen (Ap) påpeika at det er for seint å heve aldersgrensa på festivalen i år. Mellom anna fordi festivalen allereie er i gang med å selje festivalpass.

– Eg ber instendig om at bystyret, administrasjonen og kommunen har eit veldig fokus på 18-års grensa når vi er ferdige med årets festival. At vi kjem med ei konkret sak der ein vurderer å heve grensa til 18 år. Så har vi ein camp, der det i alle fall er myndige, vaksne personar og ikkje barn, seier Olsen.

Benedikte Nilsen

Dagleg leiar i Hovefestivalen, Benedikte Nilsen, slår tilbake mot Asbjørn Olsen.

Foto: Svein Sundsdal/NRK

Også ordførar Halvorsen meiner foreldra må ta eit større ansvar for barna sine.

– Eg er veldig einig i at vi må ha stort fokus på dette. Politiet, festivalen sjølv og kommunen har sett i gang ein del tiltak når det gjeld å handtere denne utfordringa. Så er eg veldig einig med Olsen, foreldra har også eit ansvar, seier han.

Hove slår tilbake

Dagleg leiar i Hovefestivalen, Benedikte Nilsen, slår tilbake mot kommentarane til Asbjørn Olsen. Nilsen er også medlem av bystyret i Arendal.

– Eg tykkjer det er trist at han har så dårleg tillit til ungdommen. Det er så utruleg mykje fantastisk ungdom der ute. Eg skulle ynskje at han kunne ha brukt litt meir tid på byen heile året og sjå på alle ungdommane som spring rundt her, enn å bruke den eine veka i året å markere seg på, seier ho til NRK.no.

– Kunne ikkje de setje i verk tiltak slik at 16-åringane ikkje kjem i denne situasjonen?

– Vi har så mange tiltak, opplegg og sikkerheit. Sjølvsagt er alkohol eit problem. Det er eit problem for heile Norge og heile Arendal kvar einaste helg. Vi jobbar med det og står på, seier ho.

Nilsen påpeikar at han aldri har sett Olsen på festivalen, og inviterer han med til sommaren.

– Kanskje han kan vere med å bidra litt og finne noko bra å gjere, seier ho.