Hopp til innhold

VM-nedtur for Olsbu på jaktstarten

Det var knytt stor spenning til Marte Olsbu før jaktstarten i VM etter ein sterk sprint laurdag. Men Olsbu fekk ikkje klaff på standplass.

Marte Olsbu

Marte Olsbu pådrog seg fire strafferunder på jaktstarten.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

– Det vart for mange bom. Eg trur eg stilte for få knepp på første liggande, og dermed gjekk to skot ut. På første ståande tenkte eg at eg skulle ta igjen det tapte og vart nok litt for offensiv, sa Olsbu til NTB etter målgang.

Laurdag gjekk sørlendingen inn til ein sterk 11. plass på sprinten.

Ho gjekk ut 52 sekund bak lagvenninne Tiril Eckhoff på søndagens jaktstart.

Men det ville seg ikkje for frolendingen på jaktstarten. På første skyting pådrog ho seg to strafferunder.

Beste norske

På andre skyting skaut ho feilfritt og hadde igjen los på teten.

Men på den tredje skytinga vart det to nye bom, og ho var dermed sjanselaus på medalje. På siste skyting skaut ho fullt hus.

– Heldigvis klarte eg å ta meg saman på siste skyting. Den tek eg med meg vidare, seier Olsbu.

Olsbu enda til slutt på 16. plass i Holmenkollen, og vart beste nordmann.

– Marte hadde ein glimrande mix-stafett og ein endå meir imponerande sprint i går. Men det var ikkje ei prikkfri gjennomføring i dag, sa NRKs ekspertkommentator Torgeir Bjørn då ho gjekk i mål.

Tysk verdsmeister

Tyske Laura Dahlmeier vart verdsmeister. Italienske Dorothea Wierer vart nummer to, medan franske Marie Dorin Habert tok bronsemedaljen.

Neste sjanse for Olsbu er onsdag. Då skal kvinnene gå normaldistanse i Holmenkollen.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %