– Det er ei fantastisk kjensle. Vi har jobba hardt for det, seier Vipers-keeper Katrine Lunde til NRK.
Det er nærast blitt eit sikkert vårteikn at Vipers løftar eliteseriepokalen.
For igjen har Vipers fossa gjennom eliteserien. Klubben har vunne alle seriekampane denne sesongen.
Storhamar yppa seg i «seriefinalen» på Hamar onsdag kveld.
Heimelaget leia med tre mål tidleg, men ti minutt ut i kampen tok Vipers over leiinga, og såg seg aldri tilbake. Til pause stod det 21-15 til Vipers.
Vipers vann til slutt 36-31.
Ragnhild Valle Dahl avsluttar for Vipers mot Storhamar.
Foto: Geir Olsen / NTBAndre gullet på kort tid
Vipers innkasserte dermed sin andre tittel så langt denne sesongen. Dei vann nyleg cupen, då dei slo Sola i finalen.
Det ferske seriegullet kom same dag som det vart offentleggjort kven som blir ny hovudtrenar i klubben.
Slovakiske Tomas Hlavaty blir hovudtrenar neste sesong.
Han overtek etter Ole Gustav Gjekstad, som hiv seg på danskeferja og skal trene Odense neste sesong.
– Tomas er ein flink fyr som har vore med på mykje og vore i gode klubbar. Eg trur det blir bra, seier Gjekstad til NRK.
No er det berre Oslo-klubben Vestar, som regjerte på 70-talet, og Larvik som har fleire seriegull enn Vipers.
Vipers har framleis eit stykke opp til Larvik si eventyrlege sigersrekkje på 13 seriemeisterskap på rad mellom 2005 og 2017.
Fleire gullsjansar
Men det kan bli meir gulljubel denne sesongen.
Klubben er naturleg nok storfavoritt til å vinne sluttspelet.
I tillegg er dei tittelforsvarar i meisterligaen, og ein av favorittane til å vinne igjen.
Vipers er allereie klar for kvartfinalen i den gjævaste klubbturneringa i Europa.
– No er det berre å komme seg heim og trene. Kampane kjem på rekkje og rad. Det er berre å komme seg heim for å trene og restituere. Så kjem dei morosamme og betydningsfulle kampane å komme, seier Lunde.
Nora Mørk løftar meisterligatrofeet for Vipers i fjor. I år har dei sjansen igjen - denne gangen utan Mørk.
Foto: BERNADETT SZABO / ReutersFeit-kommentar og løgn
Eit nytt seriegull gjer nok ekstra godt for sørlendingane akkurat no.
For alt er ikkje berre fryd og gammen i sørlandsklubben om dagen.
Det har storma rundt marknadssjef Christer Paulsen, som kalla ein Byåsen-spelar «feit» på Facebook.
Samtidig laug han då han hevda at hadde vorte hacka.
Paulsen innrømde fleire dagar seinare at det var han sjølv som hadde skrive kommentaren.
Send din gratulasjon til Vipers her:
Velkommen til dialog hos NRK. Siden du er pålogget andre NRK-tjenester så slipper du å logge inn på nytt her, men vi trenger ditt samtykke på våre brukervilkår for dialog på nett