Hopp til innhold

Vipers trekkjer seg frå e-cupen

Vipers Kristiansand tek ikkje sjansen på å vere med i cupvinnarcupen i handball neste sesong.

Ingunn Birkeland (Vipers Kristiansand)

TREKTE SEG: Det blir ikkje europacupspel på Vipers Kristiansand og Ingunn Birkeland kommande sesong. (Arkivfoto)

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Vi torer ikkje å ta sjansen. Er vi uheldige og trekkjer eit lag som held til langt unna, blir det fort dyrt, seier dagleg leiar Erling Høglo til fvn.no.

– I verste fall kunne vi ha tapt mellom 500 000 og 750 000 kroner på deltaking i europacupen, legg Høglo til.

– Russisk rulett

Også for to år sidan valde klubben å trekkje seg frå europacupen på grunn av det økonomiske.

Då laget spelte cupfinale mot Larvik i desember, sikra laget samstundes plass i cupvinnarcupen.

– Det er ikkje eit gøy signal å sende ut, men det å delta ville ha vore som å spele russisk rulett med klubben sin økonomi, seier han.

Attraktivt

Det europeisk handballforbundet har avgjort å kutte ein av tre europacupar. Det trur Høglo, som sluttar som dagleg leiar i Vipers, vil gjere det meir attraktivt å spele i Europa.

– No skal talet på europacupar reduserast til to. Dermed vil det bli gjevare å delta, og då vil det kanskje vere større moglegheit for at dei laga, som kvalifiserer seg får dekt ein del av deltakinga, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Sjimpanser på påskeeggjakt 00:55
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,14 kr
Dyrest kl. 07 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,9 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %