– Det er ein kamp vi vinn dersom vi spelar opp mot vårt beste, seier trenar Peder Langfeldt til fvn.no.
På rekkje og rad har Vipers tapt mot Larvik, Byåsen og Tertnes. Det er over ein månad sidan lagt sist vann ein eliteseriekamp. Då slo laget Storhamar heime. I mellomtida har laget slått Levanger i cupen.
Sjølv om det er eit nyopprykka lag som er dagens motstandar betyr ikkje det walkover for jentene frå sør.
– No har dei fått med seg Jeanette Nilsen, Marte Snorroeggen og Trine Haltvik. Det blir ingen walkover. Dei har fått inn mykje rutine, og har dessutan møtt mange av dei beste laga til no i år, seier han til avisa.