Hopp til innhold

Vipers-nykommar Lois Abbingh: – Håpar draumen min blir oppfylt her

Lois Abbingh er Vipers si største signering før den kommande sesongen. Til neste veke blir troppen truleg komplett med ein ny strekspelar og ein assistenttrenar.

Lois Abbingh, ny Vipers-spiller

Lois Abbingh håpar å skyte Vipers til den fjerde Champions League-tittelen sin. Og hennar første.

Foto: Kjetil Samuelsen / NRK

– Vi skal ha alle på plass etter landslagsoppdrag neste tysdag, seier Morten Jørgensen i Vipers sitt sportslege utval.

Han er den som styrer spelarlogistikken i det som er den beste handballklubben i verda.

Etter det NRK erfarer er klubben svært nær å sikre seg ein linjespelar, og dessutan skal dei vere samde med ein ny assistenttrenar.

Men klubben vil ikkje offentleggjere noko før neste veke.

Lois Abbingh Vipers

Til nå har klubben hentet nederlandske Lois Abbingh,

Paula Arcos og Vilde Kaurin Jonassen Vipers

og det spanske talentet Paula Arcos.

Tomás Hlavaty Viperstrener

Klubbens nye hovedtrener Tomás Hlavaty, som i fjor var assistenttrener, innrømmer at situasjonen er utfordrende.

Tomás Hlavaty Viperstrener

– Dette er et signal for årene som kommer, at vi må tenke fremover, sier Hlavaty.

På forsommaren vann klubben frå Kristiansand Champions League for tredje år på rad.

Sidan har suksesstrenar Ole Gustav Gjekstad og assistenttrenar Endre Fintland forlate klubben.

Spelarar som Marketa Jerabkova, Ragnhild Valle Dahl og Katarina Jezic er også borte.

Førebels er Lois Abbingh og Paula Arcos dei einaste nykommarane.

I tillegg er Vilde Kaurin Jonassen tilbake etter å ha vorte mor for første gong. Det same er Marta Tomac.

– Vi må byggje vidare på det som har vore. Så godt miljø som vi hadde i fjor har eg aldri vore borti, seier Tomac.

Då Vipers starta oppkøyringa til ein ny sesong denne veka, mangla fleire landslagsspelarar.

Det var Katrine Lunde, Sunniva Næs Andersen, Tuva Høve, Karine Dahlum, Martine Kårigstad Andersen og franske Océane Sercien-Ugolin. Dei to landa møtest i treningskamp i Bodø laurdag.

Lois Abbingh Vipers

Men nederlandske Lois Abbingh var på plass. 30-åringen kan ikke vente med å starte årets sesong.

Lois Abbingh Vipers

– Jeg gleder meg helt vilt. Det er gøy å spille for en klubb som har vunnet Champions League tre ganger på rad, sier nederlenderen.

Lois Abbingh og Marta Tomac Vipers

Abbingh har tidligere spilt i både Danmark, Russland, Romania, Tyskland og Nederland.

Marketa Jerabkova

Med sin fryktede skuddarm er hun hentet inn som erstatter for Marketa Jerabkova, som har bøttet inn mål for Vipers de siste sesongene.

– Ho har eit skot som er drithardt, men har meir enn det. Ho kan spele med streken, og er meir spelande, skryter Tomac om den nye lagvenninna si.

Abbingh har ikkje vunne Champions League i karrieren sin.

No håpar ho å skyte Vipers til sin fjerde strake tittel.

– Det er ein draum og eg håpar draumen min kan oppfyllast her, seier Abbingh.

Lois Abbingh og Marta Tomac, Vipers

Lois Abbingh og Marta Tomac vil truleg dele på å spele midtback for Vipers i år.

Foto: Kjetil Samuelsen / NRK

Tomás Hlavaty, som har overteke hovudtrenaransvaret etter Gjekstad, jobba med Abbingh i Rostov-Don. Han har tru på at Vipers skal halde fram suksessen.

– Eg skal gjere mitt beste. Eg vil jobbe saman med jentene for å lage fantastisk underhaldning for publikum, seier slovaken.

– Han vil gjerne vinne Champions League som hovudtrenar, så han er like motivert som oss, seier Abbingh.

Tomac seier kulturen Gjekstad bygde opp, er den viktigaste faktoren for å attskape suksessen.

– Eg trur det er meir det enn det sportslege som har gjort at vi har vore så gode. Det viktigaste blir å halde fram med kulturbygginga, for vi har mange av dei beste spelarane i verda her, avsluttar Tomac.

Marta Tomac, Vipers

Marta Tomac er no ein av dei lengst fartstid i Vipers. Ho er tilbake for fullt, etter å ha vorte mamma for første gong tidlegare i år.

Foto: Kjetil Samuelsen / NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

NRK Sørlandet
Spiller nå
Her stjeler beveren ved 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 03 1,8 kr
Dyrest kl. 10 2,37 kr

Strømkostnader nå

Med strømstøtte

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Okt 2022 – okt 2023
    + 8,5 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2023
    + 5,5 %