NRK Meny
Normal

Vipers møter Tertnes i sluttspelet

Vipers Kristiansand skal spele kvartfinale i sluttspelet mot Tertnes. Det er klart etter trekninga laurdag.

Lindy Taraldsen

TIL BERGEN: Lindy Taraldsen og Vipers-jentene møter Tertnes i kvartfinalen i sluttspelet. (Arkivfoto)

Foto: Sander Heggheim/NRK

Vipers slo Sola 25-22 på bortebane laurdag kveld, og sikra med deg 7. plass i årets eliteserie. Det betyr også plass i sluttspelet for rosatrøyene frå Kristiansand.

Sluttspelet startar allereie kommande helg. Vipers skal spele heimekamp først, og må til Bergen for returkamp helga etter.

Vinnaren samanlagt går til semifinale og sluttspelhelg i Drammenshallen 30. april.

Kvartfinalar i sluttspelet:
Storhamar - Byåsen
Levanger - Stabæk
Vipers Kristiansand - Tertnes
Flint - Larvik