Vipers slo tidlegare stormakt – klar for kvartfinale i Meisterligaen

Vipers Kristiansand har klart det ingen andre norske lag enn Larvik har klart sidan år 2001. Laget er klar for kvartfinale i Meisterligaen.

Sjå vår sending med reaksjonar etter Meisterliga-kampen.

Laster innhold, vennligst vent..

– Veldig deilig. Vi hadde eit bra utgangspunkt med tanke på avansement frå gruppespelet, men det er deilig å endeleg få det stadfesta med denne sigeren, seier Vipers-spelar Henny Reistad.

Sørlendingane slo den tidlegare stormakta Krim frå Slovenia 29–21 heime i Kristiansand laurdag kveld. Krim har vunne Meisterligaen to gonger, men vart for «små» mot Vipers.

Dermed er sørlendingane klar for sin første kvartfinale i Europas gjævaste klubbturnering.

Vi må heilt tilbake til 2001 for å finne sist eit anna norsk lag enn Larvik tok seg heilt til kvartfinalen (sjå faktaboks).

Då spelte Cecilie Leganger og Bækkelaget kvartfinale, men tapte denne mot Buducnost, eit lag Vipers kan møte i årets kvartfinale.

Vipers Kristiansand, Ole Gustav Gjekstad

Vipers Kristiansand slo Krim frå Slovenia laurdag kveld, og er klar for kvartfinale i Meisterligaen.

Foto: Leif Dalen / NRK

Frå tett og jamt, til suverent

Men sigeren mot Krim sat langt inne for kristiansandsklubben laurdag kveld. Gjestene gjekk tøft ut og leia dei første minutta av kampen.

Då Sunniva Andersen sette inn 6–5 etter 12 minutt var det Vipers som tok over.

Rosatrøyene leia på det meste med fem mål, men sleppte Krim inn igjen i kampen. Stillinga var 14–14 til pause.

Andre omgang start som den første avslutta. Laga følgde kvarandre tett heilt til midtvegs i andre omgang.

Då vakna landslagsstjernene Henny Reistad og Marta Tomac for alvor. Ti minutt før slutt leia sørlendingane plutseleg 24–20.

Men denne gangen klarte sørlendingane å halde på leiinga, og vann altså til slutt 29–21. No er laget to kvartfinalekampar unna semifinale og «final four», der dei fire beste laga skal gjere opp om Meisterliga-tittelen.

– Vi har hatt ei stigande kurve. Vi har spelt betre og betre, så det skal vi halde fram med. Så får vi sjå korleis det går. Det er kort veg til semifinale, men den er også lang. Men vi skal gjere alt vi kan, seier Reistad.

Sjå intervju med Vipers-spelar Henny Reistad.

Frankrike, Russland, Montenegro eller Danmark

Det er framleis ikkje klart kven Vipers møter i kvartfinalen, då det står att fleire kampar i mellomspelet.

Men dei skal møte anten franske Metz, russiske Rostov-Don, Buducnost frå Montenegro, København eller Odense.

– Det er framleis ein jobb vi må gjere for å få best mogleg plassering i gruppa vår. Det er viktig å halde 3.-plassen, men vi kan ta 2.-plassen om vi vinn dei to siste, seier Vipers-trenar Ole Gustav Gjekstad.

Sjå intervju med Vipers-trenar Ole Gustav Gjekstad.

Gullaget frå Sørlandet

Vipers Kristiansand har for alvor teke over trona etter Larvik i norsk kvinnehandball.

Klubben vann cupfinalen i desember, og toppar eliteserietabellen.

Klubben vann både serie og cup i fjor, og spelte også finale i EHF-cupen i fjor. Den tapte dei med minst moglege margin mot rumenske SCM Craiova.

Vipers - Krim

Emilie Hegh Arntzen og Vipers Kristiansand skal spele kvartfinale i Meisterligaen, etter at laget slo Krim laurdag.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix