NRK Meny
Normal

Vipers jaktar nye poeng

Thorey Stefansdottir sette spikaren i kista då Vipers Kristiansand slo Tertnes onsdag. No håpar ho på nye poeng mot Glassverket søndag.

Gunnar Pettersen, Vipers Kristiansand

Gunnar Pettersen og Vipers Kristiansand møter Glassverket søndag.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Det kjem til å bli tøft. Dei slo Storhamar med fem mål i den første serierunden, seier Stefandsdottir til NRK.

Islendingen scora det avgjerande målet då Vipers Kristiansand tok ein sterk siger mot Tertnes i Aquarama onsdag.

Har sett video

Sørlendingane har fått ein pangstart på sesongen med tre av fire moglege poeng på dei to første kampane. I første serierunde tok dei poeng borte mot Byåsen.

Dagane etter Tertnes-sigeren har spelarane brukt til å studere video av søndagens motstandar Glassverket.

– Vi ser på kva system dei spelar og korleis vi skal gå fram for å stoppe dei. Vi skal gjere det vi kan for å stoppe dei, seier Stefansdottir.

NRKs handballekspert Øystein Havang sa til NRK tidlegare denne veka at han er imponert over Vipers sin sesongstart. Han trur Vipers kan blande seg inn i medaljekampen.

– Dersom dei er heldige med skader og får ein god flyt, så kan dei absolutt klare det, seier han.

Går for medalje

Også Thorey Stefansdottir trur Vipers kan kjempe om medaljane.

– Vi går etter medalje, men så får vi sjå kor langt det kan no. Vi har eit nytt lag og byggjer noko veldig spennande. Vi håpar å nå så høgt vi kan, seier ho.

I søndagens oppgjer mot Glassverket møter sørlendingane mellom andre tidlegare Vipers-spelar Veronica Kristiansen.