Hopp til innhold

Vipers går for siger i serieopninga

Vipers Kristiansand-kaptein Lindy Taraldsen trur laget er sterkare enn i fjor. Søndag sesongopnar Vipers borte mot Levanger i eliteserien i handball.

Lindy Taraldsen

KLAR: Vipers-kaptein Lindy Taraldsen er klar for serieopning mot Levanger, og trur laget har gode sjansar til å stikke av med sigeren.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Det blir veldig kjekt. Det er dette vi trenar for. Eg føler det har sett bra ut i sesongoppkøyringa, så vi håpar på å gjere det bra allereie søndag, seier Taraldsen til NRK.no.

Er i rute

I fjor vart laget nummer åtte på tabellen. I år har kristiansandsjentene ambisjonar om å klatre på eliteserietabellen - å bli blant dei fem beste er målet.

LES OGSÅ: Tøff serieopning for Vipers

– Vi har trent godt og det verkar som om alle vil gje alt. Eg føler vi er i rute, seier kapteinen.

Vipers har sikra seg fleire forsterkingar føre 2010/11-sesongen. Den danske landslagsspelaren Louise Pedersen signerte i vår. I tillegg har den svenske strekspelaren Emma Jonsson skrive under for sørlendingane.

Har styrka laget

I tillegg er Ida Marie Aa frå Randesund tilbake i Vipers. Også ei gravid Kristine Lunde Borgersen har skrive under. Men det er uvisst kva ho kan bidra med.

LES OGSÅ: Kikki hjem til Vipers

– Vi har litt færre spelarar i troppen, men dei vi har fått inn er veldig bra. Det gjer at vi har endå meir å spele på. Til dømes er Emma veldig god. Louise er ein veldig god dansk, rutinert høgreving. Det er også fleire som har komme inn og har styrka laget. Vi har eit betre lag på papiret i alle fall, seier ho.

Søndag møter kristiansandarane Levanger på bortebane. Trøndarane vart nummer ni i fjortårets serie - plassen bak Vipers Kristiansand.

Tøff motstandar

– Det verkar som dei har omtrent det same laget som i fjor, pluss at dei har fått litt forsterkingar, fortel Taraldsen.

– Dei har vist seg å vere ganske tøffe på heimebane, men dersom vi er på vårt toppnivå meiner eg vi skal slå dei fint, seier Vipers-kapteinen.

Terminliste Vipers Kristiansand 2010/11

Dato

Heimelag

Bortelag

Tid

5-Sep

Levanger

Vipers Kristiansand

17-20

12-Sep

Vipers Kristiansand

Storhamar

29-26

19-Sep

Larvik

Vipers Kristiansand

26-18

2-Okt

Vipers Kristiansand

Byåsen

27-31

10-Okt

Tertnes

Vipers Kristiansand

31-22

17-Okt

Vipers Kristiansand

Selbu

15:00

27-Okt

Vipers Kristiansand

Fredrikstad Bkl.

18:00

7-Nov

Nordstrand

Vipers Kristiansand

18:00

21-Nov

Vipers Kristiansand

Stabæk

18:00

9-Jan

Vipers Kristiansand

Sola

18:00

16-Jan

Flint

Vipers Kristiansand

18:00

23-Jan

Vipers Kristiansand

Levanger

15:00

30-Jan

Storhamar

Vipers Kristiansand

18:00

2-Feb

Vipers Kristiansand

Larvik

18:00

9-Feb

Byåsen

Vipers Kristiansand

18:00

16-Feb

Vipers Kristiansand

Tertnes

18:00

27-Feb

Selbu

Vipers Kristiansand

16:00

6-Mar

Fredrikstad Bkl.

Vipers Kristiansand

18:00

13-Mar

Vipers Kristiansand

Nordstrand

18:00

20-Mar

Stabæk

Vipers Kristiansand

18:00

23-Mar

Vipers Kristiansand

Flint

18:00

2-Apr

Sola

Vipers Kristiansand

16:00

Ekspander/minimer faktaboks
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %