Hopp til innhold

Vipers fekk juling av Larvik

(VIPERS KRISTIANSAND – LARVIK 19-37): Vipers Kristiansand var sjanselause mot Larvik på heimebane. Meisterligaklubben feia over sørlendingane.

Lise Løke

Lise Løke scorar for Larvik i første omgang.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Annette Jensen, Vipers Kristiansand

Annette Jensen feirar scoring for Vipers.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Allereie til pause hadde vestfoldingane opparbeidd seg ei solid 18–10 leiing.

– Det er sjølvsagt tøft å spele mot Larvik. Vi må berre ha fokus på arbeidsoppgåvene våre og prøve å jobbe vidare med dei, seier strekspelar Susann Iren Hall til NRK.

Kvilte stjerner

Larvik er inne i ein tøff periode med mange kampar. Klubben har tapt to strake kampar i Meisterligaen og må vinne til helga for å halde liv i draumen om avansement.

Mot Vipers spara Larvik-trenar Ole Gustav Gjekstad fleire av nøkkelspelarane sine. Landslagsstjernene Anja Edin og Karoline Dyhre Breivang var blant spelarane som såg store deler av oppgjeret frå benken, utan at det prega Larvik sine prestasjonar.

I andre omgang heldt laget oppe trykket og vann til slutt 37–19 over Vipers Kristiansand.

– Vi blir straffa

– Vi blir straffa for feila vi gjer, seier Hall.

– Dette er eigentleg ein bonuskamp. Vi har viktige kampar føre oss no, så vi må berre mobilisere kreftene, seier strekspelaren til Vipers.

Vipers Kristiansand var sjanselause mot Larvik på heimebane. Meisterligaklubben feia over sørlendingane.

VIDEO: Strekspelar Susann Iren Hall seier at Vipers vart straffa for feila dei gjorde.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %