Hopp til innhold

Vipers enkelt vidare i Champions League

Vipers Kristiansand tok seg enkelt vidare i kvalifiseringa til Champions League. No har dei berre eitt hinder att til det gjevaste selskapet i Europa.

Intervju med Malin Aune etter sigeren mot HC Gomel i Champions League-kvalifisering.

Dei siste åra er det Gro Hammerseng-Edin, Marit Malm Frafjord, Linn Kristin Riegelhuth og Larvik som har sett Norge på kartet i det gjevaste europacupen.

I år kan det bli Linn Jørum Sulland, Katrine Lunde, Emilie Hegh Arntzen og Vipers Kristiansand som sørgar for suksess i Europa.

Den kviterussiske seriemeisteren HC Gomel vart regelrett overkøyrt i Aquarama i den neste siste kvalifiseringskampen til Champions League.

Kari Brattset, Vipers Kristiansand

Kari Brattset jublar etter scoring mot HC Gomel.

Foto: Sander Heggheim / NRK

– Var litt rørt

– Det er det artigaste eg har vore med på, på lenge. Det er første gang eg spelar klubbhandball i Europa. Det var veldig, veldig artig, seier kantspelar Malin Aune til NRK.

Vipers vann til slutt 43-19 og møter kroatiske Podravka eller tunisiske Kastamonu Belediyesi GSK i den siste og avgjerande kampen søndag.

Vinnaren går rett inn i gruppespelet i Champions League.

– Heilt ærleg, så vart eg litt rørt. Eg syns det var veldig artig å vere med på, seier Aune om då Champions League-hymna vart spelt før kampstart.

Katrine Lunde, Vipers Kristiansand

Katrine Lunde stod i mål i første omgang mot HC Gomel.

Foto: Sander Heggheim / NRK

Best i alt

Og det kan bli både meir musikalsk- og sportsleg moro for sørlandsklubben denne hausten. Laget er utropt til storfavoritt til å vinne den norske serien denne sesongen.

– Vi spelar bra som lag, så vi tek dei med ein gang. Vi let dei aldri komme heilt innpå. Vi er eit veldig bra lag som tek denne sigeren og er klar for i morgon, seier Aune.

Trenar Kenneth Gabrielsen var godt nøgd med sigeren, men meiner laget kan bli endå betre.

– Vi er gode bakover og Katrine tek ballane ho skal. Samstundes spring vi mykje. Det byrjar å bli litt overskot i laget, så eg trur vi har treft bra på forma, så vi har ganske mykje å gå på. Første omgang er sterk. Andre omgang blir ein transportetappe, seier Gabrielsen.

Intervju med Vipers-trener Kenneth Gabrielsen etter seieren mot HC Gomel i Champions League-kvalifiseringen.

Sjå intervju med Vipers-trenar Kenneth Gabrielsen.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %