Hopp til innhold

Vipers-duo med på norsk tap

Både keeper Sakura Hauge og strekspelar Susann Iren Hall fekk speletid då det norske rekruttlandslaget i handball tapte mot Sverige.

Sakura Hauge

Sakura Hauge fekk speletid mot Sverige. (Arkivfoto)

Foto: Hanne Hagen Rotnes / NRK

Susann Iren Hall

Susann Iren Hall. (Arkivfoto)

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

Svenskane vann kampen 33-25 etter å ha leia 14-12 til pause.

Kampen mot Sverige vart spelt på Elverum.

Sakura Hauge, som skreiv under for Vipers for kort tid sidan, vart kåra til Norges beste spelar i oppgjeret.

Det norske laget bestod av spelarar som ikkje spelte kampen mot Sør-Kora tidlegare denne veka.

– Vi møtte eit heiltent svensk lag. Det var vi budd på, men vi gjorde litt enkle feil som gjorde at vi kom bakpå. Spelemessig er vi ganske jamne, men ved eit par høve i kvar omgang slepp vi dei for lett til i forsvar, seier trenar Axel Stefansson til handball.no

Hauge, Hall og dei andre som fekk speletid mot Sverige bankar på døra til A-landslaget.

Gina Lortentsen vart Norges toppscorar med åtte mål. Isabelle Gullden scora sju mål og vart toppscorar for Sverige.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Hvem er NRKs nye ekspert? 00:45
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,14 kr
Dyrest kl. 07 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %