Hopp til innhold

Vipers cruisa inn til nytt seriegull

Nora Mørk, Katrine Lunde og resten av Vipers-maskineriet var totalt overlegne i seriefinalen mot Storhamar.

wCrGXQsgmAM

Vipers Kristiansand har vunne eliteserien i handball for fjerde år på rad.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB

Sørlendingane viste særs lovande takter dryge to veker før semifinalen i meisterligaen.

I tysdagens seriefinale køyrde Vipers regelrett over Storhamar. Det enda 34–25.

– Det smakar alltid godt med gull. Det var deilig å vise kor godt vi kan spele. Vi fortener gullet, seier Vipers-spelar Marta Tomac til NRK.

Klubben har dermed vunne eliteserien fire år på rad.

Tidleg i mai vart det klart at sesongen skulle stoppast etter halvspelt på grunn av korona. Difor vart serien avgjort med ein skikkeleg seriefinale mellom Vipers og Storhamar.

Hamar-laget hadde ikkje spilt ein kamp sida 10. februar.

– Det var klasseforskjell. Dei var mange hakk betre enn oss og då blei det avgjort ganske tidleg. Vi får vere glad sesongen er over og at vi fekk eit sølv, fortel Storhamar-trenar Kenneth Gabrielsen til TV 2.

4dISed1EvzI
Sigeren vart av den enkle sorten for Heidi Løke og co.
O1dvQSg1ju4
Nora Mørk viste storform og var særs treffsikker.

For allereie etter fem minutt såg dei hundre tilskodarane kor det bar. Då viste resultattavla 5–0 til Vipers. Gjestene frå Hedmark var rett og slett aldri i nærleiken av sørlendingane.

Det tok faktisk over seks minutt før Storhamar klarte å få ballen i mål første gang.

Vipers-gull 2021

God Lunde

Vipers-keeper Katrine Lunde hadde ein god dag på jobben med ein redningsprosent på over 50 i første omgang.

I den andre enden av bana var det landslagsstjernene Nora Mørk, Henny Reistad og Heidi Løke som skapte trøbbel for Storhamar.

Det stod 18–11 til Vipers til pause.

Storhamar klarte heller aldri å nærme seg suverene Vipers i andre omgang. Midtvegs leia Vipers 26–17 og kunne dermed cruise inn til siger og nytt seriegull.

– Ein blir aldri lei av å vinne gull, seier Lunde.

Ny gullsjanse laurdag

Med det er sesongens første pokal i boks. Men det kan bli fleire. Allereie laurdag kan Vipers hente ny pokal til premieskapet. Då skal klubben spele cupfinale mot Sola i Stavanger.

Siste helga i mai reiser Vipers til Budapest for å spele semifinale mot CSKA Moskva i meisterligaen.

– Vi skal gjere så godt vi kan. Først mot Sola, så skal vi «makse» alt vi har i meisterligaen og sjå kor langt det rekk, seier Mørk til TV 2.

Laster innhold, vennligst vent..
NRK Sørlandet
Spiller nå
Her stjeler beveren ved 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,1 kr
Dyrest kl. 18 1,88 kr

Strømkostnader nå

Med strømstøtte

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 4,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,1 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Okt 2022 – okt 2023
    + 8,5 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2023
    + 5,5 %