Hopp til innhold

Vipers braut 16 års Larvik-forbannelse

Larvik si elleville rekke utan tap i eliteserien er over. Vipers Kristiansand som vil ta over handball-trona i Norge, slo vestfoldingane.

Kenneth Gabrielsen, Vipers Kristiansand

Vipers Kristiansand slo Larvik på bortebane.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Det er veldig gøy. Dei har vore suverene i Norge så lenge. Men at vi klarer å slå dei er utruleg bra, seier Vipers-spelar Linn Jørum Sulland.

– Det er det verste eg har sett. Det er heilt rått. Denne veka har vore heilt fantastisk. Det er det galnaste eg har opplevd, seier dagleg leiar i Vipers Kristiansand, Terje Marcussen til NRK.

– Historisk dag

18. april 2001 var sist Larvik tapte ein eliteseriekamp. Då var til dømes Larvik-profilen Amanda Kurtovic berre 12 år gammal.

Det var også året då Kjell Magne Bondevik vart statsminister, og kronprins Haakon og Mette-Marit gifta seg.

– Det er stort å vere ein del av ein historisk dag. Det er heilt fantastisk. Vi kjempar frå første stund, seier Marta Tomac.

– Tek de gullet neste år?

– Vi får sjå, men vi skal i alle fall jobbe hardt. Det handlar om det vi gjer i kvardagen. Vi er villege til å legge ned det lille ekstra. Så får vi sjå om det blir neste år, seier Tomac.

– Svært, svært overraskande

– Om det ikkje er sjokkerande, så er det svært, svært overraskande, og også gledeleg sett med Vipers sine auge, seier handballekspert Øystein Havang.

Vi må heilt tilbake til 14. mars 1999, for å finne sist Larvik tapte ein heimekamp i eliteserien. Altså 18 år på rad utan tap på eigen parkett.

– Jo fleire kampar ein vinn, jo nærare kjem tapet. Når det kjem i ein ubetydeleg kamp er det ein bra ting. Men ingen i Larvik likar å tape kampar. Folk var både forbanna og lei seg etter ein slik kamp. Men vi står med eit seriegull og må trøste oss med det, seier Marit Malm Frafjord.

Men 29. mars 2017 skjedde det. Vipers Kristiansand slo Larvik på bortebane. Det kan vere starten på eit tronskifte i handball-Norge. Sørlendingane har som mål å ta gull i 2018/19-sesongen, altså om to år.

– Det har vore mykje tubulens i Larvik i det siste, som vil prege klubben framover. Dette kan tyde på at ein æra går mot slutten. Det er det ikkje tvil om. Dette vil også vere ein «boost» for sjølvtilliten til Vipers, seier handballekspert Øystein Havang.

Køyrde over Larvik i starten

Sørlendingane fekk ein knallstart på kampen og leia 5-0. Vipers klarte å halde på leiinga til pause då dei leia 20-15.

I andre omgang såg Larvik ut til å slå hardt tilbake. Men laget kom aldri nærare enn to mål bak.

Eitt minutt før slutt redda Vipers-keeper Sakura Hauge eit skot frå Marit Malm Frafjord.

I påfølgande angrep scora Marta Tomac og sende heile Kristiansand til himmels. Vipers vann 32-30.

– Eg klarte vel ikkje heilt å tru på at vi skulle klare det. Men det gjekk, og det er så utruleg deilig. Men eg hadde det ikkje særleg bra undervegs, vedgår Marcussen.

– Berre starten

Larvik mangla riktignok fleire sentrale spelarar før møtet med Vipers. Både Amanda Kurtovic, Sandra Toft og Thea Mørk sat på tribuna.

Larvik hadde sikra seriegullet allereie før møtet med Vipers. Sørlendingane sikra sølvet søndag.

– Det er heilt rått. Denne veka har vore heilt fantastisk. Det verste av alt er at dette berre er starten for oss, seier Marcussen.

Etter kampen fekk Larvik-spelarane utdelt gullmedaljane.

– Mest av alt er eg nøgd med seriegullet, så skal vi få tilbake dei skada spelarane til Champions League, seier Anja Hammerseng-Edin.

– Trur du Larvik vil vere i toppen neste år også?

– Eg trur det. Larvik har tradisjon for å klare vere god over tid, og klare å sette eit nytt lag. Eg trur absolutt det. Det er ein god vinnarkultur i klubben, seier Hammerseng-Edin.

Det er faktisk ikkje lenge sidan Vipers slo Larvik sist. I 2015 vann Vipers den første av to semifinalar i sluttspelet.

Vipers Kristiansand tok sin første eliteseriemedalje sidan 2003, då dei køyrde over Glassverket heime i Aquarama.

Vipers Kristiansand feira sølvmedalje søndag. Onsdag feira dei siger mot Larvik.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Hvem er NRKs nye ekspert? 00:45
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 03 1,36 kr
Dyrest kl. 08 1,96 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,9 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5 %