NRK Meny
Normal

Vildalen trur ikkje på ØIF-medalje

Tidlegare landslagsspelar Preben Vildalen har ikkje stor tru på at ØIF Arendal vil blande seg inn i medaljekampen i handballens eliteserie for menn.

Preben Vildalen og Kristian Kjelling

Preben Vildalen (t.v.) i samtaler med Kristian Kjelling i Sør Amfi. Begge deltok på ein handballskule for barn og unge i Arendal onsdag.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Onsdag kveld møter ØIF serieleiar Elverum i Sør Amfi. Her er arendalittane nærast heilt avhengig av siger for å ikkje falle av i medaljekampen.

– Eg er nok ikkje så optimistisk i forhold til medalje. Det var eg ikkje før sesongen heller. Eg kunne ikkje sjå at dei hadde mannskapet som skulle klare det, seier Vildalen til NRK.

ØIF Arendal har berre ein siger på dei fire siste kampane. Sist helg slo dei Haugaland 19-17 på bortebane, og tok sin første siger i 2013.

Den tidlegare ØIF-spelaren meiner at dei rutinerte spelarane må stå fram om laget skal kunne melde seg på i medaljekampen.

I dei fire neste kampane møter ØIF topplaga på rekkje og rad. Først altså Elverum onsdag kveld, så møter dei både Runar, Fyllingen og Drammen.

– Eg trur at dei i første rekkje må konsentrere seg om å ikkje hamne i kvalifisering eller utanfor sluttspelet, seier han.

Før onsdagens kamp ligg arendalittane på 5. plass på tabellen. Avstanden ned til kvalifisering er berre to poeng. Same avstand er det til 2. og 3. plass.