NRK Meny
Normal

Vildalen glad karriera er over

ØIF Arendal-veteran Preben Vildalen er glad for at handballkarriera er over. Også Kjetil Øygarden har spelt sin siste kamp på toppnivå.

Preben Vildalen, ØIF Arendal

SLUTT: Preben Vildalen er ferdig som handballspelar på toppnivå. Han legg opp saman med Kjetil Øygarden.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Det kjennest veldig godt. Eg merka det i går at no er det faktisk slutt. Eg er ein sliten gammal mann som treng litt ro og få gjort litt andre ting, seier Preben Vildalen til NRK.

Vildalen stod over dagens bronsefinale på grunn av at han var sliten etter gårsdagens semifinale. I semifinalen kom aldri Vildalen opp på det nivået han normalt vil vere på.

Slutt også for Øygarden

– Nei, slik er det av og til. Eg kom aldri opp i omdreining. Eg har vore med i sluttspel nokre gonger, seier Vildalen.

Vildalen har spelt over 200 kampar for det norske landslaget.

Kjetil Øygarden, ØIF Arendal

SLUTT: Kjetil Øygarden legg opp som handballspelar, og vert sportsleg leiar i ØIF Arendal.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Også Kjetil Øygarden har spelt sin siste kamp i raudt og svart. Veteranen føler seg ferdig på handballbana.

– Eg er glad for at handballkarriera er over, seier Øygarden.

Ny jobb

Allereie frå måndag av går han inn i ny jobb som sportsleg leiar i ØIF Arendal. Det ser han fram til.

– Det er eit kjempeutfordring. ØIF har hatt ei veldig bratt kurve frå 2. divisjon til å prege eliteserien. Den kurva vil naturlegvis flate litt ut, seier Øygarden.