Hopp til innhold

Skal få villreinen til å bruke større beiteområde

Eit nytt forskingsprosjekt skal få villreinen i Setesdal og Ryfylket til å bruke større geografiske område enn i dag.

Villrein

FORSKING: Forskingsprosjektet skal auke bestanden av villrein, slik at den tek i bruk større beiteområde.

Foto: Geir Olav Slåen / NRK

Tor Punsvik

- UNIKT: Viltforvaltar Tor Punsvik meiner prosjektet er unikt fordi mange har sagt ja til å vere med.

Foto: Privat

– Det vi har erfart er at reinen står veldig mykje berre i eit sentralt heiområde, seier viltforvaltar hos fylkesmannen i Vest-Agder, Tor Punsvik til NRK.no.

Setesdal - Ryfylke er norges nest største og Europas sørlegaste villreinområde.

Menneskelege inngrep i naturen er truleg ei av årsakene til at reinen har avgrensa bruksområde sitt i Setesdal.

– Det er norges kraftbatteri nummer ein. Det er svære kraftmagasin som bidreg til å setje store beiteområde under vatn. I tillegg gjer dette det vanskeleg å ferdast der reinen tradisjonelt har vore, seier Punsvik.

Vil auke bestanden

Mellom 2006 og 2010 vart det gjennomført eit stort villreinprosjekt i området. Her lærte ein mykje om rørslemønsteret til reinen.

I det nye prosjektet som skal gå mellom 2013 og 2017 vil ein sjå på korleis ein kan auke bestanden og få reinen til å bruke eit større område.

– For første gang i villreinforskingshistoria ynskjer vi å prøve å sjå om det er slik at ein kraftig auke i reinstammen sør-området vil bidra til at dyra vert pressa aktivt ut i randområda, seier Punsvik.

Håpet er at dagens bestand på 2000 villrein skal aukast betrakteleg, og kanskje doblast.

I oppstartsåret er det sett av 1,6 millionar kroner til forskingsprosjektet.

Villrein

GPS: Til saman 20 villrein skal GPS-merkast. Dette kostar 900 000 kroner.

Foto: Bjørn Haavind / NRK

GPS-merking

I eit skriv frå miljøvernavdelinga i Vest-Agder vert det peika på fleire tiltak for å få reinen til å nytte større beiteområde. Blant anna å sommarstenge anleggsvegar. I tillegg kan det blir aktuelt med å etablere jaktfrie soner.

Fleire av dyra skal også GPS-merkast. Til dette er det sett av 900 000 kroner i 2013.

Olav Strand er villreinforskar hos norsk institutt for naturforsking. Han meiner dette er eit viktig prosjekt.

– Dette er villreinområdet i Norge som er mest påverka av storsamfunnet sine naturinngrep, seier han til NRK.no.

Olav Strand, NINA

VIKTIG: Villreinforskar Olav Strand meiner det er viktig å få reinen til å nytte område dei tidlegare har brukt.

Foto: Manuela Panzacchi/NINA

– Eit av hovudmåla er å få reinen tilbake til dei tradisjonelle områda dei brukte før, seier han.

– Unikt prosjekt

Viltforvaltar Tor Punsvik meiner prosjektet er unikt i Norge. Bakgrunnen er at ei rekkje aktørar er involvert og skal samarbeide.

Til saman 13 kommunar i Rogaland, Vest-Agder og Aust-Agder bidreg økonomisk. Både Rogaland, Vest-Agder og Aust-Agder fylkeskommunar er med, saman med blant andre vegvesenet og viltreinnemnda.

– Det er heilt unikt i og med at vi har ei så stor breidde i deltakinga. Det betyr eit breidt eigarskap i kunnskapen som kjem ut, seier Punsvik.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %