Hopp til innhold

Vil tvangsmerke kattar

Zolog Roar Solheim ved Agder naturmuseum vil tvangsmerke huskattar med halsband. På denne måten trur han det vil vere lettare å halde oversikt over kva dyr som er villkattar.

Katt

Zolog Roar Solheim vil at katteeigarar skal merke katten sin med halsband med namn og telefonnummer. På denne måten kan ein raskt og enkelt få tak i eigaren dersom katten er på rømmen eller om den er daud.

Foto: Linn Cathrin Olsen / SCANPIX

Roar Solheim

Roar Solheim vil ha katteeigarar til å merke katten sin med halsband.

Foto: Håkon Eliassen / NRK

– Dersom det var eit standard krav om at alle som har huskatt har eit synleg halsband på dyret, vil ein med ein gang sjå at det høyrer heime ein stad, seier Solheim til NRK.

– Dersom dyret ikkje har halsband vil ein med ein gang sjå at det er ein lauskatt, seier han.

Vil ha synleg merking

Debatten har rasa på NRK sine nettsider etter at det vart kjent at Arendal kommune vil ta livet av 50 villkattar. Katteproblemet er blitt så stort at huskattar ikkje torer å gå ut på grunn av tøft dyremiljø.

I tillegg legg kattane att bæsj, som fører til dårleg lukt og forsøpling. I dag er det ingen krav om å merke katten sin. Det er berre ei oppfordring om å ID-merke dyret.

– Desse merka er jo ikkje synlege. Du skal anten tatovere nummer på øyret, eller setje inn ein chip i nakkeskinnet. Det er vel og bra, men det er berre veterinær eller dyrevernorgansisasjonar som har elektroniske lesarar, seier han.

– Dersom du finn ein levande eller daud katt ser du ikkje merkinga. Då vil du heller ikkje reagere fordi du trur det er eit tilfeldig lausdyr, seier han.

I samband med masseavlivinga i Arendal har dyrevernorganisasjonar uttrykt bekymring kring kva dyr som vert avliva. Dei fryktar at veterinæren, som skal ta livet av kattane, også vil avlive huskattar. Med halsband er dette problemet løyst, meiner Solheim.

– Finst ikkje laushundar

– Du kan samanlikne det med hundar. Det finst ikkje bestandar av laushundar i Norge. Det ville heller ikkje ha blitt akseptert. Med ein gang ein hund er på rømmen prøver ein å fange den, og ein har alltid tilgang til å gi melding til eigaren, seier zoologen.

Solheim vil ha både namn og telefonnummer til eigaren i eit slikt halsband.

Merking av kattar har vore oppe til diskusjon ved fleire høve. Til no har ein berre komme med ei oppfordring om å merke dyra med halsband.

– Vel eit med strikk i, slik at katten kan vri seg ut dersom den skulle henge seg opp, skriv Mattilsynet på sine nettsider.

Norsk Huskattforeining er for at kattane må merkast, men er særs kritisk til å bruke halsband.

– Halsband er farleg

– Halsband på katt er direkte farleg. Katten kan bli kveld når den hektar seg fast og forlappen kan komme inn i bandet. Den kan bli ganske skada, seier Bodil Eikeset i foreininga.

– Du går kjøpt halsband som går opp av seg sjølv, men dei held ikkje lenge, seier ho.

Eikeset reknar med at berre ti prosent av alle norske kattar er merka. Foreininga har saman med andre dyrevernorganisasjonar, veterinærar og Mattilsynet fleire gonger teke opp ID-merking. Dette meiner dei må bli eit krav i framtida.

Førre gong ID-merking var diskutert sette Landbruksdepartementet foten ned.

– Dette er eit krav som må oppfyllast. Vi har ikkje gitt oss. Vi vil ha gjennomført obligatorisk ID-merking på kattar, seier ho.

Kan ikkje krevje merking

Mattilsynet har i dag ingen hjemmel til å krevje ID-merking, men dei oppfordrar alle katteeigarar om å gjere det.

– Vi har ikkje ressursar til å handheve det. Men som katteeigar ynskjer du å behalde katten i den stand den er. Skulle den komme opp i ting og bli skada får du beskjed om det dersom den er merka, seier seniorrådegjevar på regionkontoret for Agder og Rogaland, Marit Ladegård Manhenke.

– Då får eigaren også moglegheit til å avgjere kva som skal gjerast med katten. Dersom den ikkje er merka må den avlivast om den er skada, seier ho.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %