Hopp til innhold

Vil tilbake på vinnarsporet

Etter to strake tap håpar ØIF Arendal-trenar Leif Gautestad at laget finn tilbake til vinnaroppskrifta mot Haslum onsdag kveld.

ØIF Arendal

ØIF Arendal har tapt to kampar på rad. Onsdag kveld møter dei Haslum på bortebane.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Vi har ambisjonar om å vinne, men vi møter eitt av laga som er vanskelegast å finne tilbake vinnarforma mot, seier Gautestad til NRK.

– Dei har sett veldig sterke ut og er ein av mine favorittar til å vinne i år, seier trenaren.

To strake tap

ØIF Arendal opna sesongen bra med to sigrar mot Stord og Drammen på bortebane. I den første heimekampen vart det tap mot Runar. I åttendelsfinalen i cupen vart det tap borte mot Stord.

Haslum toppar tabellen før kveldens kamp.

– Vi får ei megastor utfordring, men vi har gjort det før i Haslum og har ambisjonar om å gjere det igjen, seier han.

Haslum har vunne alle sine tre første kampar i eliteserien. I sist kamp slo dei Bækkelaget 32–26 på bortebane.

Arendalittane har slite med forsvarsspelet dei siste to kampane. Gautestad har hatt spesielt fokus på den defensive delen på dei siste treningane.

– Må vere på topp

– Det har vore kjenneteiknet for ØIF dei siste sesongane. Vi har vore leiande i Norge på forsvar- og målvaktspel. Det må vi finne tilbake til. Det har ikkje vore av aller beste merke så langt i sesongen, seier Gautestad.

– Skal vi ha ambisjon om å vinne må det vere på topp i dag, seier han.

Kampstart i Nadderudhallen er klokka 19.00.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %