– Det er så ope og flatt her, her har vi ingen høge åsar og fjell. Då har vi absolutt tilstrekkeleg sikt, og nettopp topografien gjer Gullknapp veldig eigna for dei framtidige utvidingane, seier flyplassjef Per Morten Myklebust til Agderposten.
– Når vi også har lite bebyggelse rundt, blir støyproblematikken liten, legg han til.
Investerer
Flyplassen i Froland er allereie i ferd med å byggje ut og leggje til rette for ytterlegare utvidingar. Nytt flytårn er snart på plass, og kan byggjast høgare om det er naudsynt.
I tillegg er rullebana i ferd med å bli lyssett og det er mogleg å utvide rullebana raskt.
Leiinga ved flyplassen planlegg allereie faste ruter til Bergen og Stavanger innan to år. No ventar dei på at Samferdsledepartementet gi løyve til kommersiell luftfart.
Men innbyggjarane i Aust-Agder har lita tru på at flyplassen i Froland vil bli ein suksess, trass i at det vert investert millionar av kroner.
Skeptiske austegder
Ei undersøking InFact har gjort for Agderposten viser at berre to av ti austegder trur at Gullknapp kan bli ein fullt operativ flyplass.
Flyplassjefen har bakgrunn i Stord lufthavn, som no har ei rullebane på nesten 1500 meter og ni avgangar til og frå Oslo kvar veke.
– Eg har vore gjennom dette tidlegare, og då gjer eg forhåpentlegvis ikkje dei same feila om igjen, seier Myklebust til avisa.
Rullebana på Gullknapp er i dag 1120 meter lang, men det pågår no arbeid med å utvide bana til 1199 meter. Samstundes vil det vere sikkerheitssoner på 30 meter i kvar ende.