NRK Meny
Normal

Vil ta opp kampen mot outlet-senter

Grimstad-ordføraren er skuffa over at Kommunaldepartementet sa ja til bygging av eit outlet-senter i Sørlandsparken. No meiner han handelsnæringa må ta opp kampen mot giganten.

Grimstad kommunestyre

Grimstad-ordførar Kjetil Glimsdal (nummer to frå høgre) fryktar at butikkane i Grimstad vil få tøff konkurranse frå outlet-senteret Sørlandsparken.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

– Vi må prøve å gjere Grimstad og sentrum til ein attraktiv stad. Ein magnet på ulikt vis, som gjer at folk får lyst til å komme å handle, slik at det blir ei oppleving, seier ordførar Kjetil Glimsdal til NRK.

Torsdag kveld vart det kjent at Kommunaldepartementet gjer klarsignal til bygging av eit outlet-senter i Sørlandsparken, ved sidan av Ikea.

Senteret blir liggande i Lillesand kommune, like ved kommunegrensa til Kristiansand.

Jan Tore Sanner og Arne Thomassen

Kommunalminister Jan Tore Sanner og Lillesandsordførar Arne Thomassen på tomta der senteret skal byggast.

Foto: Siv Kristin Sællmann/NRK

100 nye arbeidsplassar

Senteret blir på kring 10 000 kvadratmeter og skal etter planen innehalde mellom 40 og 50 butikkar.

Ordføraren i Grimstad har vore ein av kritikarane. Han fryktar at lokale butikkar vil tape i konkurranse med det nye senteret.

– Det er ikkje veldig overraskande at det vart ja. Det tek vi til etterretning. Det ligg nokre moglegheiter i dette, seier han.

Kommunalminister Jan Tore Sanner sa på pressetreffet torsdag at senteret vil kunne skape 100 nye arbeidsplassar.

– Vi får tru at det ikkje berre vert ei overflytting av eksisterande arbeidsplassar, men at det blir nokre nye. Det er jo i seg sjølv positivt. Så er det ei utfordring for lokalt næringsliv, blant anna i Grimstad sentrum, men den utfordringa får vi ta, seier han.

Sjå intervju med kommunalminister Jan Tore Sanner.

Sjå intervju med kommunalminister Jan Tore Sanner.

Trur ikkje på besøk frå Rogaland og Austlandet

På pressetreffet sa Lillesandsordførar Arne Thomassen at han trur både rogalendingar og austlendingar vil komme til outlet-senteret. Han trur også dette vil føre til auka handel både i Lillesand og Kristiansand.

Det har leiar i Kvadraturforeninga i Kristiansand, Harald Andersen, særs lita tru på.

– Ikkje når dei har same tilbod sjølv heime. Dei har lokalt tilbod både i Rogaland og på Austlandet, seier han til NRK.

– Eg ser ikkje potensial i at det kan bli ein reisedestinasjon. Men konkurransen kjem til å bli endå meir skjerpa for dei lokale sørlandsbyane, inkludert Kvadraturen og Sørlandssenteret. Det er vi ganske sikre på, seier Andersen.

6. mai opna eit outlet-senter i Ålgård i Rogaland. Norwegian Outlet har i fleire år drive eit senter i Vestby i Akershus. Her vert det selt fjorårets merkevarer til reduserte prisar.

Sjå intervju med ordførar i Lillesand, Arne Thomassen.

Sjå intervju med Arne Thomassen som er ordførar i Lillesand.