NRK Meny
Normal

Vil ta opp arven etter OL-kongen

Padlemiljøet i Flekkefjord har tru på at dei vil få fram nye utøvarar som kan ta over etter Eirik Verås Larsen.

Eigil Solvang, Robert Rozanski og Camilla Rozanski

Eigil Solvang, Robert Rozanski og Camilla Rozanski på morgontrening i Flekkefjord. No drøymer dei om å fylle skoa til Eirik Verås Larsen som la opp etter OL i London.

Foto: Lars Eie/NRK

– Eg har store sko å fylle. Det er berre langsiktig trening og mykje jobbing som skal til. Det er absolutt eit mål å prestere bra internasjonalt, seier Eigil Solvang (16) til NRK.

Verås Larsen

Eirik Verås Larsen tok gull under OL i London i sommar. Etter bragda la han opp.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Klokka har berre så vidt bikka sju på morgonen. Gradestokken viser åtte minusgrader, men Eigil og Camilla Rozanski er allereie ute på elva i Flekkefjord for dagens første treningsøkt.

Hadde fire i same OL

– Det går mykje tid, akkurat kor mykje veit eg ikkje. Men det blir padling kvar dag, seier Camilla.

Eigil fortel at han brukar mellom 12 og 17 timar på trening kvar einaste veke.

Flekkefjord kan vise til ei rekkje topputøvarar i Padling. Under OL i Los Angeles i 1984 hadde padleklubben i Flekkefjord heile fire utøvarar på startstreken.

– Det var ei fantastisk oppleving, seier Robert Rozanski som deltok i OL saman med Einar Rasmussen, Ingeborg Rasmussen og Rein Gilje.

I tillegg har dei fostra opp verdsmeister Laf Søyvland og sjølvsagt Eirik Verås Larsen, som har ei rekkje VM- og OL-medaljar.

– Vi har flotte treningsforhold. Flekkefjord er laga for padling. Elva renn rett forbi her ute. Det er minus åtte grader. Då kan dei fleste i Norge berre drøyme om å padle, men her kan vi gå rett ut, seier han.

– Det er ein livsstil

Midt i sentrum står det ein statue av ein padlar. No håpar padlebyen å få fram fleire topputøvarar.

16-åringane er inspirert av innsatsen til Eirik Verås Larsen, som tok gull då han gjorde comeback under OL i London i sommar.

– Eg har nok eit litt anna liv enn dei fleste vennene mine. Det blir litt spesielt med trening før og etter skulen, men det er ein livsstil eg set pris på, seier Eigil.

– Det er klart vi ser opp til Eirik. Han er heilt rå, seier Camilla.

Eigil Solvang er allereie nordisk meister og norgesmeister på aldersfastlagd nivå. Til sommaren er målet å kvalifisere seg til junior-EM i Polen.

Camilla Rozinski har teke NM-gull på alle aldersnivå og har teke bronse i nordisk meisterskap.