NRK Meny
Normal

Vil skjerpe reglane for hummarfiske

Frå neste år kan det bli krav om påmelding for alle som vil fiske hummar. Forskarar er bekymra fordi talet på fritidsfiskarar aukar kraftig.

Alf Ring Kleiven

Alf Ring Kleiven ved Havforskingsinstituttet vil innføre eit påmeldingssystem der alle som skal fiske hummar må registrere seg.

Foto: Espen Bierud / Havforskningsinstituttet

– I dag har vi ingen oversikt over kor mange som fiskar og kor mykje som blir fiska, seier forskar Alf Ring Kleiven ved Havforskingsinstituttet i Flødevigen i Arendal.

Han samanliknar hummarfiske med rypejakt. Dersom det ikkje hadde vore jaktkort hadde det heller ikkje vore noko oversikt over kor mange ryper som vart skotne kvart år.

– Det hadde vore krise for rypeforvaltninga. Den utfordringa står vi i overfor hummarfisket, seier Kleiven.

70 prosent auke

Trass i innføring av strengare reglar i 2008 uteblir effekten.

Undersøkingar viser at talet på fritidsfiskarar har auka med opp mot 70 prosent dei siste åra.

– Det var redusert talet på teiner på fritidsfiske. Det vart innført vern av rognhummer og auka minstemål og liknande. Det er ei fare for at det auka fisketrykket, spesielt fritidsfisket, har medført at vi ikkje har fått bygd opp bestanden etter intensjonen, seier Kleiven ved Havforskingsinstituttet.

– Anser du situasjonen som kritisk for hummaren?

– Det er klart at som eit viktig dyr i økosystemet langs kysten er bestanden så låg at vi må ta det alvorleg, seier han.

Hummerfiske

I 2008 vart det blant anna innført minstemål for hummarfiske. Det er heller ikkje lov til å ta opp hummar som har rogn.

Foto: Erik Wiig Andersen/NRK

Kan bli innført neste år

Fiskeridirektoratet er med på tanken om eit påmeldingssystem for fritidsfiskarar. Og det kan komme raskt.

– Allereie frå neste år bør ei slik påmeldingsordning vere på plass, seier regiondirektør Erik Ludvigsen.

Egil Hauge Pedersen har vore fiskar på Hvaler i Østfold sidan han var 15 år gammal. Han ser tendensen tydeleg.

– Det er fleire teiner i vatnet enn det har vore nokon gang. Det har aldri vore så mange hummarteiner. Men det er så lett å få tak i. Du får kjøpt hummarteiner over alt. Det er snart berre på polet dei ikkje sel hummarteiner, seier Pedersen.

Fiskar på fredingsgrense

Skipssjef Kenneth Dahl, Njord

Kenneth Dahl er skipssjef på Kystvaktskipet «Tor».

Foto: Anne Mari Flatset / NRK

Kystvaktskipet «Tor» skal halde auge med hummarfisket. Dei sjekkar at alt går rett før seg og kontrollerer teiner. Skipssjef Kenneth Dahl ser det same som Pedersen.

– Vi ser det spesielt når vi navigerer der det er litt trongt og innanskjærs, så står det bruk over alt. Det er veldig mykje, seier han.

Det finst fleire fredingsområde for hummar. Blant anna ved Kvernskjær i Østfold. Der er hummaren freda heile året. I slike fredingsområde ser forskarane at hummaren trivst. Ikkje minst blir det fleire over fleire.

Rundt fredingsområdet ligg det mange teiner heilt på grensa.

– Det er typisk når det er eit stengt område, så prøver dei å utnytte bestanden som lever fint og fritt inni her, seier operasjonsoffiser på kystvaktskipet Tor, Olav Kalvenes.

Totalt beslagla han og kollegaene fire teiner som låg inne i det freda området då NRK var med.