NRK Meny
Normal

Vil sende «sprudlevatn» til Høie

Brann-trenaren prisa seg lukkeleg over at Kenneth Høie på eigahand sørga for at Hønefoss ikkje klatra heilt opp i ryggen på klubben.

Rune Skarsfjord
Foto: Solum, Stian Lysberg / Scanpix

– Eg skal sende Kenneth ei flaske sprudlevatn. Eg kjenner han gjennom faren, som var oppmann i Haugesund, medan eg var trenar der, seier Brann-trenar Rune Skarsfjord til Dagbladet.

Klasseredningar

Høie varta opp med den eine klasseredninga etter den andre i gårsdagens 0-0 kamp mot Hønefoss. Resultatet gjer at Hønefoss framleis ligg tre poeng bak Brann i kampen om å unngå kvalifiseringsplass i årets eliteserie.

LES OGSÅ: Landslaget føl keeperhelten

– Han leverte ein meget god keeperprestasjon. Faren fortenar skryt for jobben han har gjort med han, seier Skarfjord.

Møter Hønefoss

Brann møter nettopp Hønefoss i neste serierunde. Det blir ein særs viktig kamp med tanke på kven som må ut i kvalifisering.

– Det vert ei fantastisk ramme rundt den kampen. Vi gler oss, og er nøydde til å søkje etter slike opplevingar. Det blir ein cupfinale på heimebane, seier Skarsfjord.

Video Landslaget følger Høie