NRK Meny

Vil overta fotterapeutskule

Solveig Annie Magnussen vil overta Norsk Fotterapeutskole i Kristiansand dersom skulen beheld godkjenninga som friskule, skriv fvn.no. Ho er tidlegare elev ved skulen og driv i dag Basisfot AS. Utdanningsdirektoratet meiner skulen urettmessig har motteke 2,4 millionar kroner. I tillegg meiner dei at rektor har laga falske karakterutskrifter.