NRK Meny
Normal

Vil opprette stiftelse for ofra

Jean Daniel Alexis frå Haiti og busett i Kristiansand vil hjelpe dei mange ofra etter jordskjelvet.

Menneskemasser på Haiti

VIL HJELPE: Jean Daniel Alexis, busett i Kristiansand, vil hjelpe ofra etter jordskjelvet i Haiti.

Foto: AP Photo/Gerald Herbert

Ifølgje Fædrelandsvennen ynskjer han å byggje opp igjen hus til dei som har mista alt. Sjølv har han ikkje fått kontakt med mor si og broren etter jordskjelvet.

– Håpar dei har det bra

– Eg har ikkje komme i kontakt med familien min i Haiti, men eg har komme i kontakt med ein god ven, som har bygd ein skule. Han har vatn, men ingen straum, seier Alexis til NRK.

– Eg håpar familien min har det bra, seier han.

I går fortalde styresmaktene i landet at over 40 000 menneske allereie er gravlagde , etter jordskjelvet. No vil Jean Daniel Alexis hjelpe ofra etter jordskjelvet, som er det verste på meir enn 200 år i landet.

Tilpassa forholda

– Eg har starta ein stiftelse for å byggje opp både skular og hus til folk. Det er hus som skal kunne stå imot jordskjelv, og som er mykje meir tilpassa. Eg har teke kontakt med nokre bedrifter i Kina, som tilbyr ein type hus som kan byggjast raskt opp, seier Alexis.

I dag åtvarar forskarar mot nye jordskjelv i landet . Mange innbyggjarar søv no ute i frykt for at husa deira skal rase saman. Sjølv håpar han på å kunne reise til det jordskjelvråka landet raskt.

– Eg reiser så raskt eg kan, seier han.

Også Strømmestiftelsen set i gang ein stor innsamlingsaksjon i dag.

– Kan ikkje sitje å sjå på

– Vi ser dei menneskelege lidingane der nede, og vi kan ikkje sitje stille utan å gjere noko. Vi har samarbeidspartnarar på Haiti, som allereie er i gang og jobbar ute med naudhjelp i form av å dele ut vatn, mat, pledd og medisinsk hjelp, seier informasjonsleiar, Egil Mongstad i Strømmestiftelsen.

– Vi vil i tillegg sende ein henvendelse til våre søttespelarar nasjonalt. Så vil vi gå ut gjennom våre nasjonale medier som Facebook og Twitter, samt at vi også køyrer ut annonser i lokalmedia og andre medier vi vel å gå ut i, seier han.

Så langt har Strømmestiftelsen bevilga 500 000 kroner frå eiga lomme, samstundes har dei fått inn 100 000 kroner frå ei bedrift på Sørlandet.

– Vi utfordrar no næringslivet på Sørlandet til å bidra, seier han.

Dersom du ynskjer å bidra er kontonummeret til Strømmestiftelsen følgjande: 6319.07.62000